- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
29

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7 - 8

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29

Han plantar tre til gagn for deim som etter kjem,

segjer samlendingen vår Cæcilius Statius i eit av
skodespeli sine. Og den gamle bonden evar seg
ikkje med å svara, når han vert spurd kven han
plantar for: «For dei udøyelege gudane, som ik-
kje berre vilde at eg skulde taka arven etter
federne, men ogso fli han frå meg til etterkomar-
ane mine.»

8. Desse ordi av Cæcilius um gamlingen som
tenkjer på næste ættleden, er betre enn dei fyl-
gjande av same skalden:

I sanning, alderdom, um inkje anna vondt
du fører med deg, når du kjem, er den ting nok
at mangt ein ser, som ugildt er, i livet langt.

Ja, men so fær ein då og sjå mangt gildt, mangt
som ein lyster å sjå. Ein fær koma i hug at jam-
vel den unge lyt sjå mangt som han helst vilde
sleppa å sjå. Endå meir tek skalden i miss når
han segjer:

Med alderdomen tykkjer eg at det er verst:
å kjenna at ein sjølv er anna folk til bry.

Til bry? — Nei, heller til hugnad! For liksom
vise gamlingar finn hugnad i å vera i lag med
gåverike ungdomar, og alderdomen deira soleis
vert lettare, soleis gled ungdomane seg ved å taka
mot råd og rettleiding frå gamle folk som stører

Cæcilius Statius, kjend lystspeldiktar frå 180-åri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free