- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
30

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8 - 9

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30

dei til å leggja vinn på dug og dygd. Og eg veit
at de ikkje minder mæter mitt lag enn eg dykkar.
De ser soleis at alderdomen på ingen måte er
gjerandslaus og keidsam, men at han tvertum er
trottug og alltid er uppteken med eitkvart, — alt
etter dei hugmåli ein dyrka i yngre år. Ja, sume
kann jamvel sanka seg kunnskap på sine gamle
dagar. Tenk berre på Solon, som i eit vers kyter
av at han lærer noko nytt for kvar dag som gjeng,
alt medan han eldest. Eg kann og nemna meg
sjølv som hev lært gresk no i alderdomen; ja, eg
la meg so ihuga etter dette målet, som um eg
ynskte å stetta ei gamal trå etter å læra å kjenna
dette som de no høyrer meg bruka til døme. Då
eg høyrde at Sokrates hadde dyrka musikken (i
gamle dagar la folk seg etter den), ynskte eg at
eg og hadde gjort det same; men bokheimen hev
eg i minsto gjeve meg av med.

9. Det andre lytet ved alderdomen var at han
veikjer lekamen; men eg må segja um meg sjølv
at eg ikkje no eingong saknar ungdomskreftene,
nei ikkje meir enn eg i ungdomsåri sakna styrken
åt ein ukse eller ein elefant. Ein bør avmåta ar-
beidet sitt etter dei krefter ein råder yver. Kann
der segjast meir vanvyrdelege ord enn dei som den
vidgjetne atleten Milo frå Kroton lét falla ein-
gong? Det vert fortalt at på sine gamle dagar stod
han og såg på brytarane på kampplassen. Då såg
han på armane sine og brast i gråt. «Ei eie meg!»
krauna han, «tenk dei er daude no, desse her!»
Å nei, dei var nok ikkje so daude som du sjølv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free