Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
31
pratmakar! Du vann ikkje frægd av deg sjølv,
men av dei sterke musklane og lungone dine! —
Han sa ikkje noko slikt, Sextius Ælius, heller ik-
kje Tiberius Coruncanius som levde for lenge si-
dan, heller ikkje Publius Crassus som døydde no
nyleg, — alle saman menn som gav borgarane fyre-
segner um lov og rett, og som gjekk fram 1 vis-
dom like til siste andedraget. — Talaren er eg
redd taper seg med åri, for i arbeidet hans spørst
det ikkje berre um åndsevnor, men og um sterke
Ilungor. No kann det ikkje nektast at ei klangfull
røyst gjer seg godt, hjå den aldruge 0g, kva no
grunnen meir kann vera; eg for min part hev
enno ikkje mist den gamle klangen i røysti, og de
ser alderen min. Men elles vil eg segja at det sø-
mer ein gamal mann at han talar mildt og
roleg; den logne og greide talen åt den ordhage
gamlingen vinn seg åhøyrarar ved si eigi tyngd.
Og kann ein ikkje lenger halda talar sjølv, so kann
ein i minsto læra upp ein Lælius og ein Scipio i
talekunsti. Kann ein tenkja seg noko gildare enn
ein alderdom midt i ein krins av lærehuga unge
menn? Eller er det so å forstå at me ikkje ein-
gang hev so pass krefter att på våre gamle dagar,
at me kann læra upp ungdomen og rettleida og
fyrebu han på dei uppgåvor som plikti set for han?
Finst det gjævare arbeid enn dette? Gnæus og
Publius Scipio og dei tvo bestefederne dine, Lucius
ƻmilius og Publius Africanus, var lukkelege, tykte
eg, med di dei hadde unge adelsmenn i fylgje. Fin
kann i det heile ikkje koma burt ifrå at dei som
lærer andre upp i det som godt er, må vera lukke-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>