Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9 - 10
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
32
lege, same kor mykje dei eldest, og same kor mykje
kreftene minkar.
Men elles hev sjølve denne kraftminken oftare
sin grunn i lastene åt ungdomen enn i alderdomen.
Ein skal nemleg koma i hug at eit ungdomsliv i
ulivnad og njotingssykje gjev ein utmødd lekam
yver til alderdomen. Hjå Xenofon hevdar Kyrus
i den røda han heldt på sotteseng (då var han ein
gamal mann) at han aldri hadde kjent seg veikare
i alderdomen enn i ungdomen. — Frå gutedagane
hugsar eg Lucius Metellus, — han som vart øvste-
prest fire år etter andre konsulatet mitt og som sat
tvo og tjuge år i det embetet; han heldt seg so
rask og rørug til langt upp i gråe alderen, at han
aldri trong sakna ungdomen. Eg treng ikkje tala
um meg sjølv, endå det er no gamalmanns vis å
tala um seg sjølv, og på ein måte orsakande for
ein alder som min.
10. Hev de ikkje lagt merke til korleis Nestor
hjå Homer kyter av bragdene sine? Han var då
Ög komen so langt at han såg tridje ættleden, og
han trong ikkje vera redd at folk skulde tykkja
at han ofsa eller var kry og taletrengd, når
han rosa seg i samsvar med sanningi. «Frå tunga
hans,» segjer Homer, «flaut talen søtare enn hon-
ning,» — og til den søtleiken trong han ikkje
lekamskrefter. Men trass i den høge alderen hans
9. Xenofon (umlag 430—355), gresk bokmann, ein av lære»
sveinane åt Sokrates; i ei av bøkene hans er persarkongen
Kyrus hovudpersonen. Mætaste skrifti hans, sogeverket
«Anabasis», er umsett til norsk (Klassiske Bokverk nr. 9).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>