Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
33
ynskjer ikkje den greske herføraren Agamemnon
seg nokon stad ti mann som stridsmannen Ajax,
men ti mann som Nestor; hadde han berre det,
skulde nok Troja snart falla, meinte han.
Men eg vender tilbake til meg sjølv. Eg gjeng
no i mitt fire og åttiande år. Eg skulde ikkje havt
noko imot å kunna kyta av det same som Kyrus;
men det kann eg allvisst segja: Eg hev sakte
ikkje same kreftene no som då eg tente som soldat
i punarkrigen eller som kvestor under same kri-
gen, eller då eg som konsul førde krig i Spania,
eller fire år etter som soldattribun i den store bar-
dagen ved Termopylane — det året Manius Gla-
brio sat konsul; men likevel hev ikkje alderdomen
heilt øydt kreftene mine, som de ser; han hev ik-
kje brote meg ned heilt. Eg hev krefter nok til å
tala i senatet og på talarstolen på torget, til å
stydja klientane, venene og gjestevenene mine.
Eg hev aldri sagt meg samd i det gamle og upp-
skrøytte ordet: «Vil du vera gamal lenge, må
du verta det tidleg.» Eg vilde fyrr ha ein stutt
alderdom enn verta gamal fyre tidi. Difor hev eg
enno ikkje late tenarane segja til folk som vilde
tala med meg, at eg ikkje hadde tid.
Men eg hev mindre krefter enn nokon av dykk
tvo, vil de kannhenda segja. No ja, — men ikkje
de eingong er so sterke som kenturionen Titus
Pontius, men er han difor frægare enn de? Nei,
det er um å gjera at ein brukar kreftene med måte
og ikkje tek tyngre tak enn ein evlar. Då vil ein
ikkje sakna kreftene noko serleg. Det vert fortalt
um Milo at han eingong kom gangande inn på
3 — Cicero: Um alderdomen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>