Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10 - 11
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
34
skeidet i Olympia med ein stut på herdane. Seg
meg, — vilde du heller ha kroppsstyrken åt Milo
enn åndsstyrken åt Pytagoras? Og for å gjera seg
ferdig med dette, so er lekamskreftene ein gode som
ein skal gjera seg gagn av medan ein hev dei; ein
skal ikkje krevja dei attende når dei eingong er
uppøydde. Elles måtte mannen ynskja ungdomen
tilbake, og gamlingen manndomen. Der er ein
naturgjeven veg å ganga i livet, — og det er ein
endefram og liketil veg; ein skal koma i hug at
kvar livsbolk hev sitt serlag, — både barneveik-
skapen, ungdomsofsen og alderdomsmognaden hev
ved seg noko naturgjeve som lyt koma når tidi er
til det. Eg tenkjer du hev høyrt, Scipio, kva gjeste-
venen åt bestefar din, kong Masinissa, gjer no med
sine nitti år. Hev han fyrst teke ut på ei ferd til
fots, stig han aldri på hesteryggen; men ferdast
han til hest, stig han ikkje av fyrr han er framme.
Ingi regnskur, ingi kjøld kann få han til å taka
hovudplagg på seg. Men so er han då og so helsug
som nokon. Difor greider han alle kongspliktene sine.
Av dette ser ein at øving og måtehald kann halda
ved like noko av den gamle krafti i alderdomen og.
11. Lat so vera at alderdomen vantar krefter.
Men so skal ein og vita at ein ikkje krev kref-
ter av han. Etter lov og sed er folk i min alder
fritekne for sovorne yrke som krev kraft og lekams-
styrke. Me er soleis ikkje berre fritekne for slikt
me ikkje greider, men og for sumt som me nok
kunde greida. Men, kunde de gjerne segja, der er
då gamle folk som ikkje evlar å gjera pliktene sine
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>