- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
35

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35

som borgarar, ja ikkje eingong dei plikter som
livet legg på dei. Sant nok, — men skuldi for dette
må ein ikkje leggja på den høge alderen, men på
helsa. Kor veikhelsa, ja eg kunde gjerne segja
helselaus, var ikkje son til Publius Africanus, han
som vart fosterfar din, Scipio! Hadde han ikkje
det vore, vilde han ha stråla som ei ny stjerne i
staten; for attåt sjelsstordomen som han hadde ervt
frå faren, hadde han fenge ei betre utdaning. Er
det då noko å undrast på at gamle folk er veike,
når ikkje eingong unge menneske slepp sovore?
Det er um å gjera, Lælius og Scipio, at ein gjer
motstand mot alderdomen; ein må bøta på meini
hans og strida mot han nett som mot ein sjukdom.
Ein må ha ans for helsa, driva rimelege øvingar
og eta og drikka til styrkjing og ikkje til tyning av
kreftene. Og ein bør ikkje berre vyrdsla um krop-
pen, men um åndi ög, ja endå meir um henne. For
ho og vil slokna når ein kjem langt upp i åri, so-
framt ein ikkje slær olje på lampa, for å bruka
eit bilete. Og der er den skilnaden på lekams- og
åndsøvingar at medan dei fyrste gjer lekamen tung
og lat etterpå, so vert åndi tvertum lettare og
friskare av øvingane. Når diktaren Cæcilius talar
um «styvne gamlingar i komedia», so meiner han
lett-trune, gløymskne og late gamlingar; men det
er lyte som ein ikkje fær skulda alderdomen for,
men den late, tiltakslause og svevntunge alder-
domen. Liksom lettlynde og njotesykje er å finna
hjå unge folk meir enn hjå eldre — um ikkje hjå
alle unge, so i minsto hjå dei veikhuga —, soleis
finn ein den gamalmannsdårskapen som ein kallar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free