Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
36
«å gå i barndømet», berre hjå gamle folk som van-
tar åndeleg stødleik. Appius Claudius var gamal og
blind, men likevel rådde han med fire sterke søner,
fem døtter, eit stort hus og mange klientar; for han
heldt åndi si spana som ein boge og la seg ikkje ned-
fyre då alderdomen kom. Han heldt ved å styra hu-
set sitt med myndug og streng hand. Trælane ottast
honom, borni bøygde seg for honom i vyrdnad, og
alle heldt av honom. Fedresed og fedretukt rådde
romet der i garden. Dette er vilkåret for at alderdo-
men skal verta vyrd og upptil-sedd, må vita: han må
verja seg sjølv, hevda retten sin eigen, aldri krypa
for nokon, og han må bjoda yver sitt og sine med
kraft og dug radt til siste andedrag. Liksom eg
gjerne ser at ungdomen hev litt gamalmannsvit og
-hått, soleis vil eg at gamlingen skal ha noko ung-
domleg ved seg; hev han det, kann han nok verta
gamal av år, men aldri gamal av sinn. Eg held nett
på og arbeider ut sjuande boki av «Origines», og eg
samlar på alt det som minner um gamletidi. Dess-
utan driv eg og arbeider ut alle talane mine i dei
vidgjetne rettssakene som eg hev ført. Eg syslar
med preste- og borgarretten. Mykje arbeid legg eg
ogso på den greske bokheimen. Og for å øva upp,
minnet mitt, gjer eg liksom pytagorearané6, — alt
det eg hev sagt, høyrt og gjort um dagen, kallar
eg fram att i minnet um kvelden. Sjå dette er mine
åndsøvingar, — dette er eit skeid for åndi; og når
eg «frøsande og sveittande» spring dette skeidet,
saknar eg ikkje lekamskreftene so mykje. Eg styd
venene mine i retten, eg gjeng ofte i senatet og
målber sjølvmint sovorne saker som eg hev tenkt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>