- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
37

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11 - 12

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

37

på både mykje og lenge, og eg strider for dei,
ikkje med handemakt, men med åndskraft. Og um
eg no ikkje hadde greidt dette, so kunde det OgSO
vore gildt å liggja heime på benken og i tanken
sysla med det som eg ikkje lenger greidde å gjera.
Når eg greider det, so er det levemåten min å takka.
Den som allstødt og utan stogg driv sovorne syslor
og sovore arbeid, merkar slett ikkje at alderdomen
snikjer seg innpå han. Soleis glid ein smått um senn
inn i alderdomen; kreftene vert ikkje knuste med
eit brått slag, men taper seg stund for stund utan
at ein går til med det.

12. So kjem me då til det tridje ankemålet mot
alderdomen. Han må gjeva avkall på alle njotin-
gar, heiter det. Å du, å du, for ei storfelt gåve
alderdomen må vera so framt han frigjer oss for
det som er det største lytet ved ungdomen! Lyd
no etter, de hæve ungdomar, so skal de få høyra
den gamle talen åt pytagorearen Archytas frå Ta-
rent, den ovfræge mannen. Eg vart kjend med
talen hans då eg som ung hermann var med Quin-
tus Maximus i Tarent. Naturi, sa han, hev ikkje
skapt nokor større ulukke i manneverdi enn sanse-
njotingane; for njotelysti driv ein til å streva blindt
og agelaust etter å få njota. Her, sa han, hev de
upphavet til landssvik, til statsumveltingar, til
løyn-tingingar med fienden, — der finst stutt sagt
ikkje ei einaste misgjerd som ikkje njotehugen
kann driva mennesket til. Sømdarbrot og ulivnad
hev ikkje sin grunn i noko anna enn dei lokkande
lystene. Og når åndi er den gjævaste gåva som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free