- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
38

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

38

naturi eller ein guddom — kva ein no vil segja —
hev gjeve menneskja, so hev denne guddomlege
gåva ingen verre fiende enn sansenjotingi. For når
giren fær råda, er der ikkje noko rom for måte-
haldet og sjølvtøymingi; og der vellysti spelar ba-
sen, kann ikkje dygdene trivast. For at ein skal
skyna dette betre, sa han, kann ein berre tenkja
seg eit menneske som er uppeggja av den sterkaste
sansenjotingi, — ingen vil tvila på at det er råd-
laust for han under denne rusen å tenkja nokon
- vitug tanke eller å sysla med noko i åndi. Difor
er ingenting so avstyggjeleg, ingenting so tynande

som sansenjotingane, — dei kann sløkkja ånd-
sens ljos 0g, må vita, når dei vert altfor sterke og
varuge. — Dette høyrde eg fortalt av gjestevenen

min Nearchus fra Tarent, som hadde halde seg
som ein trufast ven av romarfolket. Og han att
hadde høyrt av eldre folk at Archytas hadde halde
fram dette i ei røde med samnitaren Caius Pon-
tius, far til han som slo konsulane i skardi ved
Caudium. Atenaren Platon, som etter det eg hev
funne ut, gjesta Tarent i konsulåret til Lucius
Camillus og Appius Claudius, skal og ha vore til
stades og høyrt denne røda.

Kvifor segjer eg no alt dette! Jau, eg vil de skal
skyna at dersom ein ikkje kann vraka sansenjot-

12. År 321 vart ein romersk her inneringa og send under
åket av samnitane.

Lucius Camillus var konsul i lag med Appius Claudius
år 349, tvo år fyrr Platon døydde. Cicero må taka i
miss ovanfor, for i so høg alder hadde Platon slutta å
ferdast.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free