Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
44
med seg sjølv og, som det vert sagt, leva med seg
sjølv! Hev ein so attpå noko ånds- og tankeför,
um eg då kann bruka dette ordlaget, so kann ingen-
ting vera gildare enn ein laus og ledug alderdom. Me
såg kor ihuga Caius Gallus, godvenen til far din,
Scipio, arbeidde med å mæla himmelen og jordi.
Kor ofte hende det ikkje at dagen kom på han
når han kvelden fyreåt hadde gjeve seg til å teikna
kart, eller natti, når han hadde teke til med arbei-
det i otta! Kor han gledde seg når han kunde vitra
oss i fyrevegen um sol- og månemyrke! Og tenk so
på andre syslor, — syslor som ikkje nett er so vik-
tuge, men som likevel krev at du er gløgg og va-
ken. Kor gledde ikkje Nævius seg yver diktet sitt
um punarkrigen! Eller Plautus, — for ein hugnad
han hadde av «Furtepaven» og «Ljugarfanten»! Eg
hev ogso set den gamle skalden Livius, som hadde
late spela eit stykke det året Cento og Tuditanus
sat konsular, det vil segja seks år fyrr eg kom til,
og som seinare heldt fram med å dikta like til ut
i ungdomen min. Og so Publius Licinius Crassus
då, han som arbeidde både som prest og sakførar!
Eller Publius Scipio som no lever, — han som vart
vald til øvsteprest for få dagar sidan. Alle dei eg
14. Caius Gallus, astronom, krigstribun og konsul. Som
krigstribun tente han under Æmilius Paullus i makedonar-
krigen; eingong sa han ifrå um eit månemyrke, og av-varde
med det den skaden som ovtrui kunde ha valda.
Plautus, lystspel-diktar frå Umbria. Cicero nemner her
eit par av spelstykki hans.
Livius, d. e. Livius Andronicus, den fyrste romerske dik-
taren, sette um Odyssevs-kvedet og grunnla den romerske
skodespeldiktingi (umlag 240).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>