- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
45

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14 - 15

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

45

no hev nemnt, hev røkta embeti sine og dyrka hug-
måli sine med levande ihuge jamvel på sine gamle
dagar. Tenk berre på Marcus Cethegus, — det er
um han Ennius hev sagt, og det med full rett, at
han var Svada sin grumgut. Me såg kor trottugt
han øvde seg i talekunsti, jamvel då han var til-
årskomen mann. Seg meg, — kann ein samanlikna
dei njotingane eg her hev nemnt, med den gleda ein
hev av matretter, festleikar og skjøkjor? Og det
er so vel laga med åndsarbeid og vitskaplege syslor,
at dei tek seg upp med åri for vituge og dana
menneske. Difor er det so råkande, det som Solon
segjer i den verslina eg hermde her i stad, — at
han lærer noko nytt for kvar dag som gjeng, alt
medan han eldest.

Der er ikkje nokor njoting som kjem på høgd
med denne njotingi for sjeli.

15. Men no kjem eg til gledone ved jordbruket
og bondelivet. Det er noko som eg sjølv finn uvan-
leg stor hugkveik i. Slike gledor kann ein njota,
fordi um ein er gamal; og eg tykkjer at eit liv
med slik hugnad kjem nær upp mot vismannen
sitt liv. Jordbrukaren hev å gjera med jordi, og
ho nektar aldri å lyda han; alltid gjev ho att med
rentor det ho tek i mot, stundom med mindre ren-
tor, men på jamnen med større.

Det er elles ikkje berre grøda og avdråtten eg
finn hugnad i; nei, serlaget og grunnhåtten åt jordi

Svada var gydja for manande tale: «han var Svada sin
grumgut», d. e. han var overlag ordhag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free