Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
46
er det ogso trøysamt å leggja merke til. Når ho hev
teke mot det utstrådde sædet i det mjuke og med-
stelte fanget sitt, held ho det løynt til å byrja med.
So fær ho sædet til å svella i den ølne eimen og
den faste moldbreidsla; og ho lokkar fram grøn-
kande groar som tøygjer seg i veret smått um senn,
medan dei styd seg til røtene. Groane veks og
veks, dei retter seg upp med ledute stylker og klæ-
der seg i bladbelger. Seinare sprengjest belgene,
og der set seg frukt øvst på aksi. Mot småfuglane
som gjerne vil pikka burti frukti, ver ho seg med
stråbostar.
Enn vinstokken då, — tenk på korleis han ydder
fram, vert utplanta og veks til! Aldri vert eg leid
av den hugnaden han gjev meg. Her kann de sjå
kor gild alderdomen min er. Eg treng ikkje her
hefta meg ved den krafti som ovrar seg i alt som
jordi el fram, — den krafti som skapar store stom-
nar og greiner av det ørvesle fikefrøet, av kjernen
i vinbæret og av dei ørsmå groane åt andre frukt-
tre og fruktbuskar. Tenk på set-kvister, plante-
skot, potekvister og avleggjarar! Skulde ikkje dei
fylla kvart einaste menneske med glad ovundring?
Sjå på vinstokken, den veikstomna, korleis han
vil bøygjast mot jordi, um han ikkje vert upp-
studd, og korleis han fatar um alt han kann nå i,
med tægene sine, som vore dei hender; slik freistar
han å halda seg uppe. Som ein orm buktar han
seg i mangfelte, flokute svingar; men den hage
vingardsmannen kjem med kniven sin og hindrar
han i å byskja seg for mykje/med nyskot og i å
breida seg for vidt i alle leider. I den vaknande
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>