- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
52

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 18

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

52

og traust grunnlag i ungdomen. Av dette fyl, —
noko eg eingong hevda under fagning frå alle kan-
tar —, at det er ein ynkeleg alderdom som ver
seg med snakk. Dei grå håri og rukkone kann
ikkje skapa vyrdnad i ei bråvending; nei, berre
når ein hev levt sine fyrre livsbolkar på heiderleg
vis, haustar ein vyrdnad som den siste frukt. Gam-
lingen hev nemleg stor æra av desse ting, som Sy-
nest so verdlause og kvardagslege: at folk helsar
på honom, at han vert søkt til lag og umgang, at
andre vik plass og sæte for honom, at folk fyl
honom når han gjeng ut eller vender heimatt, og
at ein spør honom til råds. Dette er ting som ein
nøgje gjev gaum på både her og i andre statar, og
di nøgnare, di betre åndi i staten er. Spartanaren
Lysander, som eg nettupp nemnde, skal ofte ha
sagt at Sparta var vyrdelegaste busætet åt alder-
domen; for ingen stad var dei so vyrdsame 08 vyrke
mot gamle folk som der. Ja, det vert jamvel for-
talt denne soga til prov på dette: I Aten kom der
eingong ein gamal mann inn i teatret ved ein fest;
der var fullstappa med folk, og ingen av medbor-
garane hans veik sæte for honom. Men då han
kom burt til nokre spartanarar som hadde fenge
serplassar, sidan dei var i byen i sendemannsærend,
reiste dei seg alle som ein, segjest det, og førde
gamlingen til sætes. Då heile møtelyden gav dei
stormande fagning for dette, sa ein av dei at aten-

18. «som ver seg med snakk» — nemleg snakk um den

høge alderen; styvne gamlingar meiner at dei grå håri og
rukkone gjer deim verdige til ære og vyrdnad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free