Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 18
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
53
arane visste fulla kva som rett og sømeleg var, men
dei brydde seg ikkje um å gjera det.
Der er mangt gjævt ved augurpresteskapet, som
de og høyrer til; men serleg er det dette eg gjev
ans på, at dei talar etter alderen, soleis at den
eldste auguren vert sett fyre både dei som hev
havt høgare æresyrke, og dei som sit i dei høga-
ste embete. Kva sansenjotingar kann ein vel sa-
manlikna med den løni vyrdnaden gjev? Dei som
hev fenge denne løni i rik mun, dei hev, tykkjer
eg, spela sitt livs skodespel godt til endes, og dei
hev ikkje gjort skeivferd i siste akti, slik det kann
gå med uøvde skodespelarar.
Men der er sure, sutfulle, bråsinna og range
gamlingar, kann einkvan segja. Ja vel, — og
røkjer me betre etter, finn me sume som er have-
sjuke og. Men ein lyt gjeva huglaget, og ikkje
sjølve alderdomen skuldi for desse lyti. Elles hev
rangmøla og dei andre lyti eg nemnde ei viss or-
saking for seg, — ei orsaking som ikkje nett er
fullgod, men som eg likevel synest ein kann god-
kjenna: Dei gamle meiner dei vert vanvyrde, mis-
mætte og hædde; og dessutan, — kvar minste
meinstøyten svid, når lekamen er veik og vesal.
Men alle desse lyti kann eit godt huglag og ei hæv
åndsdaning bøta mykje på. Det kann ein sjå ute
i det røynlege livet, og på speltilet og, t. d. i
«Brørne». Kor hardhuga var ikkje den eine av dei
tvo brørne, og kor venleg var ikkje den andre! —
«Brørne» — eit skodespel av Terentius, romersk lyst-
speldiktar (190—159 f. Kr.).
ST BT DE ETEN
Ka SOTE N
EE ER NET ETNE Pl
ee
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>