- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
54

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 18 - 19

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54

Saki er den: Liksom det ikkje er kvar vin som
surnar med åri, er det heller ikkje kvart huglag
som beisknar og hardnar. Eg ser gjerne at alder-
domen er streng, men det må vera måte med
strengleiken som med alt anna; hardleik og beisk-
leik kann eg ikkje noko med. — Men kva have-
sykja skal tena til i alderdomen, det skynar eg
ikkje. Kann det tenkjast noko styvnare enn å
skinna i hop di meir reisepengar, di stuttare veg-
stubb det er att?

19. So stend det att det fjorde ankemålet, og
her møter me det som mest synest uroa og skræma
ein alder som min: dauden nærmar seg; og det er
fulla sikkert nok at dauden ikkje kann vera langt
burte når ein er gamal. Å kor må ein ikkje tykkja
synd i den gamlingen som ikkje hev lært i heile
sitt lange liv, at ein ikkje treng ottast dauden! For
anten må ein beintfram sjå på han med likesæle,
dersom det er so at han heilt sløkkjer ut medvitet,
eller — soframt han fører sjeli burt til ein stad,
der ho skal leva æveleg, då bør ein jamvel ynskja
å få døy. Noko tridje kann visseleg ikkje finnast.
Og kva hev eg vel då å ottast, når eg anten ikkje
skal kjenna til nokor usæle etter dauden eller jam-
vel skal verta sæl? Er der nokon som er so sty-
ven at han kjenner seg viss på å leva til kvelds,
same kor ung han er? Ja, den unge alderen er
jamvel oftare utsett for dauden enn min alder:
unge menneske vert lettare råka av sjukdomar,
og dei vert hardare åtekne og vandare lækte. Di-
for er det og so få som når ålderdomen. Hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free