- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
55

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 19

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

55

kje det vore, vilde mennesket levt både betre og
visare; for det er hjå gamlingen ein finn vit, for-
stand og klokskap. Utan gamlingar ingen stat. —

Men tilbake til den trugande dauden! Er dauden
noko å lasta alderdomen for, når me ser at unge
menneske og må døy? Dauden er noko som er
sams for alle aldrar; det hev eg set ved den hæve
son min, og du hev set det, Scipio, ved brørne dine,
dei som ein venta seg den rikaste frægd av. «Men
ungdomen vonar det som gamlingen ikkje kann
vona: at han må leva lenge.» — For ei uvitug von!
Kva er vel styvnare enn å halda det uvisse for
visst, det usanne for sant? «Ja, men gamlingen
hev ikkje noko å vona dessmeir.» — Nei vel; men
gamlingen er likevel mykje betre faren enn ung-
domen, for han hev nått det ungdomen vonar å
nå: Den siste vil leva lenge, — den fyrste hev
levt lenge. — Og likevel — gode gudar! Kva vil
det segja det ordet «lenge», når det er tale um
mannelivet? Tenk dykk ein ovhøg alder, t. d. ein
alder som den åt kong Argantonius i Gades —;
han styrde i åtti år og levde hundrad og tjuge.
Men likevel, — eg vil ikkje bruka ordet «lenge»
um nokon ting som der er ein ende på. For når
dauden kjem, er det burte det som var. Berre det
vert att, som du hev skapt med dug og heiderleg
ferd. Timane kverv, dagane, månadene og åri med.
Den tidi som var, kjem aldri att; — kva som skal
fylgja, veit me ikkje. Ein bør difor vera nøgd med
den levetidi som vert ein tiletla. For liksom ein
skodespelar ikkje treng vera med i skodespelet alt
til endes for å hausta fagning, sidan det berre

Ge TE ke 79. DE

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free