- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
140

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140

nokre få ting kanskje ; men so grip fantasien inn og legg
til og tek frå og tolkar og tyder, so barnet vert ståande
att med ei fyrestelling som har lite med det røynlege å
gjera. Og so fortel det at det nett no har set eller høyrt
den eller den ting. Men dette syner seg å vera det reine
dikt, når ein skal røkja etter kva det verkeleg var barnet
såg eller høyrde. — Når fantasien kann vill*leia barnet
sitt umdøme soleis, so er det rimeleg at barriehugset og
vert ført på avvegar. Soleis er det og. Alle me som har
havt noko med born å gjera, me veit so vel at barnet er
ikkje å lita på når det skal fortelja um noko som hende
for ei tid sidan. I millomtida har fyrestellingane vorte so
mykje brigda. Det er so mykje um å gjera kva barnet
har høyrt fortalt av andre. Og so kva barnet sjølv ynskjer
skulde vera tilfellet — eller og kva det ottar for kunde ha
vore tilfelle. Både ynske og otte veit me verkar sterkt
på barnehugset. Fantasien utstyrer so dei fyrestellingar
barnet ber på um tingen eller hendinga, snart på den
eine og snart på den andre måten. Det vert so mykje
gildare eller so mykje styggare og skræmelegare enn det
var kanskje. I alle fall: det som vert fortalt av barnet,
har lite objektiv sanning i seg. Barnelygna ligg so upp i
dagen at det er ikkje råd å lata vera å sjå henne. Og
mang ein uppsedar har havt tunge stunder når han vart
vitne til, korleis eit barn som han trudde skulde vera eit
gildt og godt barn, kunde tala usant med den største ro
og likesæle.

Tvillaust er det so, at uppsedinga av barnet si fantasi*
evne er ei av dei vanskelegaste uppgåver som foreldre og
lærarar får å løysa.

Det er ikkje ille at barnet fantaserar. Det er eit natur*
leg arbeid for barnet. Og det er naudsynleg og. Me men*
neske må læra oss til å bruka fantasievna vår. Det må
me gjera dersom det skrivne ordet eller den munnlege for*
teljinga skal kunna hjelpa oss til å få fyrestellingar um
det me ikkje sjølv har vore vitne til. Når me høyrer
um framande land eller um hendingar i soga, so umset

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free