- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
141

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

141

me orda i synsbilete og i bilete av verkelege tilburdar.
Skal me kunna skyna andre menneske, deira tilstand og
deira åtferd, so må me setja oss i deira plass, tenkja
deira tankar, kjenna deira glede og sorg og uppleva so
godt råd er, det dei har upplevt i dei visse tilfelle. Og i
alt vårt arbeid, dersom det ikkje er so at me arbeider
reint som maskiner, må me kunna skilja åt og setja
saman fyrestellingane våre på endelaust mange måtar.
Me må kunna laga oss eit mønsterbilete av den ting me
vil få til, fyrr han er ferdig, ja jamvel fyrr me har teke
til med arbeidet. Og me må kunna sjå vårt eige liv i
framtidssyner. Alle framtidsmål som lokkar oss, alle
voner me har, alle framtidsvanskar me ottar for og som
difor tvingar oss til varsemd og umtanke, det vert alt til
tankeemne for oss nett av den grunn at me eig skapande
fantasi. Og utan dette fyrebuingsarbeidet i tankane vilde
me stå ille rusta i livsstriden.

Uppgåva for uppsedaren kann soleis ikkje vera å få
barnet til å lata vera å bruka fantasievna si. Tvertum.
Men barnet må få hjelp til å nytta denne herlege giv*
nåden sin på ein signingsrik måte.

Skal barnet kunna få nytta fantasien sin, so må det
ha eigna til seg ein rikdom av klåre og tydelege serfyre*
stellingar. Det er desse fyrestellingane som er det bygge*
vyrke fantasien har å arbeida med. Utan eit slikt forråd
vil mennesket stå hjelpelaust so ofte i livet.

Barnet må ikkje verta stengt inne og hindra i å
læra dei verkelege ting å kjenna. Ein må ikkje taka
det som Søren Kierkegård fortel at far hans gjorde når
guten vilde gå ut. Då tok faren og gjekk att og fram
på golvet saman med guten. Og so tala dei um det som
dei tenkte seg å sjå når dei no i tankane tok seg ein
tur kring i byen: der ein skreddar, ein hattemakar, ei
korgkjerring, ein gatefeiar. Og so høyrde dei det og det,
og vart vitne til både det eine og det andre. Snart vart
guten endå betre enn faren til å «sjå» og «høyra»
mykje, og peika snart til den eine kanten og snart til den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free