Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Småstykker - Ei faarleg friing - Et farligt frieri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
um ei grannvaksi bjørk, som stod dar og skalv utyver; — hon
saag ned. Men hon saag inkjevetta; fjorden laag still og roade
seg; ikkje ein fugl strauk burtyver. Aaslaug sette seg nedattr og
song paa nyo. Men daa svarade dat nu skilet i same tonen, og
nerre enn fyrre gongen. „Dat lyt vera nokkot, kvor som er;“
Aaslaug spratt upp og lutte seg paa nytt lag utyver. Og daa saag
hon ned vid fjellveggen ein baat, som havde lagt aat, og so djupt
nedre var dat, at han saag ut som eit litet skjel. Hon drog augat
uppyver, møtte ei raud huva, uppunder henne ein kar, som
star-vade uppetter so godt som sletta fjellet. „Kven kann detta vera!“
spurde Aaslaug, slapp bjørki og sprang langt attr. Hon torde ikkje
svara seg sjølv, fyre di hon fulla visste, kven dat var. Hon
kastade seg ned paa grassvorden, tok fast i graset med baada
hendr, som dat var hon, som ikkje skulde sleppa taket. Men
grasroti losnade, hon skreik og tok alt betr og betr fast. Hon
bad Gud den aalmaattuge hjelpa honom, men so kom dat henne
i hug, at denna aatferd hans Tore var at freista Vaarherra, og
difyre kunne han ingi hjelp venta. „Bert denna eine gongen,“ bad
hon, „bert denna eine gongen lyt du hjelpa honom!“ Og hon tok
kringum hunden, som dat var han Tore, hon vilde halda fast,
rullade seg med honom burt yver grassvorden, og dat syntest
henne, som tidi vard utan ende.
Men daa sleit rakken seg laus. „Vau, vau!“ go han utyver og
dillade med rova; „vau, vau!“ sagde han mot Aaslaug og sprang
upp med framlabbarne; „vau, vau!“ utyver paa nyo, — og dar
stakk ei raud huva upp yver fjelltromen — og Tore laag i fanget
hennar.
Dar vard han liggjande heila minut, uten at nokkon av deim
vann mæla eit ord; og dat, som dei sistpaa sagde, var dat
ikkje vit i.
Men gamle Knut Husaby, daa han spurde detta, sagde eit ord,
som ikkje var uvitugt; han slog i bordet, so dat skrall i stova:
„Dan guten e-r havande, jenta skal vera hans!“
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>