Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1933. Av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
18
teke sikte på å reise ein kvinneskapnad, som er like <so typisk
kvinne som Odin Setran er typisk mann. For han galdt det
dåden, hovdinggjerninga, for Ragnhild gjeld det same, men på
ein heilt annan måte. Dåden hennar gjeld ikkje mangmannen,
samfundet, han gjeld det einskilde mennesket, den mannen ho
er gift med og har fødd ein son. Problemet i den nye boka er
for Ragnhild det same som for Odin i siste kapitla av «I
stormen»: har den som dåden er øvt for fortent han. Er det med
andre ord meining i å øve eit offer for andre. Har ikkje kvart
menneske nok med seg sjøl. - Det kan av og til sjå ut som
Duun har tvila ved dette spursmålet. Men i røynda gjer han det
ikkje. Som alle store ånder trur han på det positivt gode i
mennesket, trass i alt han har røynt i motsett leid. Resultatet
han kjem til i denne boka er sagt i denne setningen: «Du blir
aldri ferdig med ei god gjerning. Aldri.» - Eit offer so stort
som det Ragnhild gjorde for Håkon, då ho fridde han frå far
hans, er ei straff, som må sonast gjenom heile livet, med vonbrot
på vonbrot. I dess e vonbrot spørs det um botnen i mennesket,
um den moralske urgrunnen. Er han sterk nok kan mennesket
vinne over a 11. Det gjer Håkon og. Han vinn over
skuld-kjensle for Ragnhild, det at han sveik ho den gongen ho trong
og fortente han mest. Han får i denne boka lære det ho har
lært før, at det er ei von, ei vedunders stor og rik von bakum
vonløysa. Håkon får kjenne denne signinga i slutten av boka.
Det kjennest for han som han blir lyft upp og lærer «gå på to».
Og so kjem sannkjenninga som ein fasitt i boka: «Ingen ting
er større enn mennesket da, der er ingen som har målt kor stort
det er.» - I desse orda har Duun lagt ned i ein sum si tru på
mennesket, ja på framtida åt mennesket. - Boka er ikkje
ser-leg spanande i det ytre, men ho gar på djupna som få av
Duuns bøker.
Ei anna bok som og tek fram problemet karaktervokster og
set det under debat er Ola B a r m a n s «Ein mann g j e k k
heim». Han fortel um ein ung vestlandsiteolog som er vorten
«liberal» på universitetet, og av den grunn kjem i konflikt og
kamp med kyrkjelyden og faren, då han vender heim for å
forkynne si nye overtyding. Det ender med at mannen let seg
innvende på nytt til si barndoms tru. - Boka er lita, det er
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>