- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
19

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1933. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1Q

JL t/

helst å rekne for ein novelle, og ein kan ikkje segja at
forfatta-ren løyser heile problemet som han reiser. Men han set det
i allfall fram, og han gjer det so dramatisk spanande at
perso-nane lever i ein lenge etter at ein har lagt boka burt. Det mest
verdfulle i ho er etter mi meining det uttrykk for «moralsk
relativisme» som ho representerar: det moderne humanistiske syn
på problemet «rettruanskap», som ser retten i båe dei motsette
standpunkt, og som ikkje vil døme til nokon kant, men berre
konstatere. Eit synspunkt som ein møter hjå all ungdom i alle
land, som enno heid på like rett for alle til å tru og segje det
dei heid for rett. -. Boka er uvanleg godt fortalt, knapp, einfelt
og sakleg frå ende til annan. I formå er ho og uttrykk for ein
ny generasjon.

Det same gjeld roman-en til Tarjei V e is a a s :
«Sandel-t r e e t». Han er so knapp i uttrykket at mange tykkjer det
gar for vidt. Innhaldet i boka let seg vandt fortelje med nokre
prosaiske ord. Det sviv um ein kvinne som gar med barn, ein
mann som ikkje kan få ferdig eit verk han strever med, og to
ungar som lever i si eiga eventyrverd. Som vanleg kjenner
Vesaas livet med sansar som vanleg folk ikkje nyttår til
kvar-dags. Han interesserar seg ikkje for dei ytre realistiske ting
og tilhøve som bind menneska so sterkt i våre dagar. Han ser
alt og -alle i eit høgromantisk skimmer av draum og mystikk.
Problem og konflikter let han berre skimte fram i døkke bilete
og halvkvedne ord. Det verkar på sume irriterande, på andre
kløkkjande og tauvrande. Eitt vil alle vera samde um: Vesaas
er ein diktar med djupe uppkomor, han har alltid noko å gje
lesaren av sitt eige upplevde, og han gjev det gjenom ei uvanleg
fin og fast form.

Dragnad mot det mystiske syner og den andre
telemarks-diktaren, Ingebjørg Mælandsmo, i den historiske
romanen «Den synske». Det er framhald av soga um Ola
Lensmann, ein skapnad frå fyrst på 1700-talet som verkeleg har levt.
Den fyrste boka leid noko av dokumentstøv, men i den siste
har det lukkast forfattarinna å f rig j era personane, slik at dei
veks naturleg ut or miljøet og verkar upplevde frå ende til
annan. Ola Lensmann, den makthækne bygdedespoten står i
skarp kontrast til den synske religiøse Jorunn, som han sveik i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free