- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / 1934 /
20

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1933. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ungdommen for eit rikare gifte, og som han sidan hatar og
for-fylgjer. Kampen millom desse tvo er skildra som ein kamp millom
heidendom og kristendom, dei veks i makt på kvar sitt
prinsipp, men Jorunn sigrar, som ventande kan vera. Romanen gjev
eit fargerikt og dramatisk bilete av folkelivet på den tid. Det
er den første .store historiske roman som er skriven frå
uppgangs-tida åt den nyare bondekulturen. Av den grunnen er det og eit
sers verdfullt verk, ikkje minst for folkeboksamlingane.

Tvo veistlandsromanar må og kallast historiske, enda dei ligg
berre eit halvt hundradår attende i tida. Det er Gro Holms
«Odelsjord», og «Millom eldar» av Kristian
Matre. - Gro Holm debuterte i fjor med «Sut», og fekk ei
sers god mottaking. Ho merkte seg ut med ein ny nækjande
realisme, og ei knapp .sikker forteljeevne. Vestlandsbonden .stig
her fram enklare og meir kvardagsleg enn nokon gong før,
<ser-leg når det gjeld dei økonomiske sutene. Forfattarinna peikar
på korleis kavet for føda gjer menneska harde og fatige på
livsglede. Det same synet ter seg i «Odelsjord». Himmelen er låg
over desse menneska, der dei krafsar kvar til seg og misunner
grannen, når han har det ein mun betre. Det er egoismen
rein-dyrka og drapert med små lygner og utflukter. Slik er det og i
dei politiske overtydingane, det er Jaabæk som gar att i det
små. Surne har arga seg over denne bønlause avduking av
egoismen og småmannshugen, men ingen som kjenner norsk
bondeliv av eiga røynsle vil nekte for at forfattarinna har rett i
mykje. Og like visst må ein vedgå at bøkene hennar har ei
gjerning å g j era. Dei grip med ein uvanleg intensitet, det er
noko verkeleg nytt i dei, ei ny isaklegheit, som er i nær pakt
med tida i det heile.

Kristian Matre er og realist, men mindre hardhendt enn Gro
Holm. Han a;vsluttar med «M i 11 o m elda r» ein
tribands-roman um ein vestlands-huslyd. Det er sterk motsetning millom
faren og mora og borna. Han er vorten arbeidssky av å gruvle
over den kristne læra um «denne jammerdal». Kristendommen
er vorte eit slag opium for han, der han finn tilflukt frå sin
eigen jordiske vesaldom. Eldste sonen har natura åt faren,
arbeidet byd honom i mot, han dreg til byen, igår på bibelskule
og blir krambusvein. Annleis med Besse, som siste boka handlar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1934/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free