Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1934. Av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
oss ein mann som blir erotisk forkvakla i skort på skynsemd hjå
foreldre og uppsedarar. Boka er soleis i stor mun eit pedagogisk
klagemål, men ho har og sitt verd som dikting. Her møter ein ei
ny problemdikting, som viser fram mot nye emne og ny
mentalitet. Av denne debutanten er det grunn til å venta seg noko
verkeleg nytt.
Ei rekkje av dei nynorske romanane frå i fjor handsamar
sosiale emne. I dei fleste av desse står det kamp millom nye og
gamle synsmåtar, og i alle er det kampen for tilveret som er
hovudtemaet. Sven Moren held i «Skuldmenner» fram
skildringa frå «Riket er ditt». Vi såg her korleis den yngste
av brørne på Myklegård leid vonbrot som talsmann for
arbeidarane. I den siste høyrer vi um odelsarvingen Hans, som ser
meir menneskeleg enn politisk på vanskane. Han blir, som dei
fleste storbøndene, hardt truga av krisa. Venene sviktar og
arbeidarane streikar. Det ser myrkt ut, men tilslutt benkar heile
striden seg — nokso uventa. Boka er ein protest mot
klassestriden slik han har utvikla seg i siste tida, man han syner ingen
sakleg veg ut av han. — Det gjer heller ikkje nordlandsforfattaren
Ingvald Forsberg, som i «Det nye riket» skildrar
arbeidsløyse og svolt i ein by nordpå. Hovudpersonen her er
ein sjømann, av godt to, men utan evne og makt til ålboge seg
fram til fast arbeid. Boka gjev eit gripande og overtydande
bilete på den tragedia som arbeidsløysa er for dei fleste som blir
kaste ut i henne. Det er ein sein men sikker undergang, psykisk
og fysisk. Forsberg har skildra denne undergangen med ei sterk
objektiv innleving i typane sine. Når slutten verkar lite
tilfredstillande kjem det truleg av at forfattaren ikkje har vore fullt
ferdig med boka då han døydde.
Sosialt innstillte er og dei tri vestlandsromanane, «Kår»
av Gro Holm, «Det nye bodet», av Kristian Matre
og «I Espelia» av Olav Torvund. Den siste må nærast
reknast for debutant. Han fortel um ein industriarbeidar som
vender attende til jorda, og strir seg fram gjenom gjeld og
steinrøyser til han har ein velberga liten gard. — Gro Holm fortel
no som i dei tvo førre bondelivsskildringane sine um kvardagsliv
i Hardanger. Bøkene hennar representerar noko av det mest
sermerkte som er skrive um norske bønder. Dei gjev glyttar inn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>