Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Den nynorske bokhausten 1934. Av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
i bondens tanke- og kjensleliv på ein ny sakleg-realistisk måte.
Serleg gjev dei eit nytt bilete av bondekona, som strid for
jamstellingsrett med mannen, men oftast lyt bøygje av og resignere
for skapningens herre. Det gjev ofte bøkene hennar ein beisk
tone, men det er ein tone som er diktert av liv og røynsle i striden
for tilveret. «Kår» sluttar med at hovudpersonen, som fører ordet,
utvandrar til Amerika, so ein må vel rekne denne boka for
avslutting på verket.
Kristian Matre fortel i den nye romanen sin um ein prest som
lid under sosial skuldkjensle. Han er komen av småfolk, og han
finn seg ikkje tilrette som velsituert sjelesyrgjar i ei fin
meinigheit. Han blir gripen av den sosiale urettvisa, freistar ei tid å
hjelpe med gode gåvor, men då dette fører han i konflikt med
den verdslege kona hans, ender det med at han tek
vandringsstaven og går ut millom folket for å skapa ei ny kristeleg ånd.
Ei aktuel og ålvorleg bok, men ikkje heilt overtydande i
konklusjonen.
Ei bok utanfor det vanlege er Haakon Lies «Gjester
på jordi». Ho skildrar ein gamal gard gjenom dei fire
årstidene, og må helst kallast eit lyrisk naturepos. Det er gamal
god bonderomantikk ein møter her, og boka er sterkare i forma
enn i innhaldet. Haakon Lie skriv eit framifrå vakkert mål, eit
mynstermål for den som skal lære seg skildrande nynorsk.
Den nynorske lyrikken var i fjor mindre talrik enn han har
vore på mange år. Den største samlinga, «Dikt» av Olav
Nygard har for det meste vore prenta før, men rett nok i
utgåvor som ikkje har nått fram korkje til kritikken eller
publikum. Det kom difor uventet på mange at Olav Nygard i denne
minneutgåva merkjer seg ut som ein av dei mest personlege og
forvitnelege norske lyrikarar som har levt i siste mannsalderen.
Ein kan nok segja at Nygard vanta dei store frigjorte linone i
høve til ein Olav Aukrust, men han hadde til vederlag ein
brennande intensitet. Den striden han førte mot fatigdom og
skort på forståing spana tilslutt ånda hans til ørneflog — til ei
forsoning med ljåmannen, som kan minne um Henrik Wergelands
siste dikt, og som hevdar seg ved sida av dei. Ei bok som fortener
plass i alle boksamlingar. — Av dei eldre lyrikarane må serleg
nemnast Hulda Garborgs etterletne dikt «Symra», ei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>