- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 2:en Aargang. 1878 /
78

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

Fedrahei·men.

27de April 1878·

gjekk og tuslad fyr meg sjolv og«var aa segja rædd
syr aa sjaa Folk. Slike Grillur kann ikkje vera
til her. Her er friare og ljosare; Folk bryr seg
ikkje um slikt. Eg er her likso god som den Veste,
so lengje eg er ein dugande og ærleg Mann, og
um eg so var Son av ei Fantekjering og fodd i
Vegveita, vilde eg likevcel vera jamgod med den
beste Adelsmannen. Jgaar vart eg kjend med ein,
som er fødd Baron, men no er Sknlemeistar; me
vart gode Vener, og Jngen held han syr betre Kar
enn· meg. Eg kjenner meg fri og sterk, fæler fyr
Jngen og ser kvar Mann tryggt i Augom. Og
alt gjeng so huglegt. Var det ikkje fyr det du
veit, so skulde eg takadeg og her hit og aldri reisa
til Norig att. Naar eg tenkjer paa, som eg der
hadde det, so vert det liksom tyngre aa pusta·
Men oftaste maa eg lee. Kvar Gang eg raakar
Folk, som kjem hit fraa Norig, so lyt eg flira aat
dei. Dei hev so mange Grillur· Men naar dei
hev voret her eit Bil, so vert det Folk av dei
strakst. —- —-

Eg slit som ein Hest her og arbeider mest fyr
tvo. Loni er god, so eg legg upp ikkje so litet,
og set det i Banke11. ·Det er og ein Ting, eg hev
lært her. Det fyrste eg kom, vilde eg samla paa
Kistebotn som me gjer heime, og lata Pengarne
liggja og rusta der; men daa Folk forstod det, lo
dei seg mest ihel aat meg og trudde eg var galen·
Naar Pengarnie stend i Banken, fcer Ein Rentur

av dei, og Summen veks Aar fyr Aar. — Men »

her er dyrt aa liva, so det gjeng ikkje fort med
aa spara upp Pengar. Det skal royna hardt, um
eg kann tena det, eg vil, paa 4 Aar. — ——«

Eit halvt Aar etter fekk Aasbjorn eit nytt

« Brev; daa hadde Leiv fenget betre Arbeid og større

Lon, og hadde godt Mod. Men so gjekk det ei
lang Tid,’ at det ikkje kom Brev. «Og det, som
daa kom, var stutt og leidt. Der stod:

,,Eg hev nok likevcel ei laak Lukka Den Ban-
ken, der Pengarne mine stod, er gjengen i Fant,
av di Kasseraren er stroken med Pengeskuffa.
strauk med eingong alt mitt saare Slit og Stræv.
Eg aatte just so mykje, at det liksom tok til aa
draga ihop. No stend eg so naken som Naali att
og kann taka paa fraa nyom.

Alle mine Pengar var ærleg tente. Kvi skulde
no detta koma? Kveii hadde Rett til aa senda meg
slikt eit Meinhende? —- — Eg er sjuk og vill.
Alt vondt er ute. Fyrst skulde eg vera noydd til
aa fara or Landet fyr aa vinna den eg vilde; fo
er ikkje det helder nok, so skulde det Veste, eg hadde
tent meg upp fyr hennar Skuld, verta fraa meg
stolet av den fyrste Farken, som saag seg Mun i
eit Par Skilling. No maa eg stræva i 4» Aar til,
og Gud veit, um Helsa mi held ut so lengjeiden
Trældomen. Og Gud veit, kvat Alvhild vil segja.
Gg kann ikkje skriva til henne i det Laget, som eg
no er; kann du tala med henne, so fortel det alt,
men so finslegt og hovsamt som du kann. Misser
og henne, er det ute med Leiv Hegglid« "

» Dei sagde, Aasbjorn eldest fælt i denne Tid.
Haaret hans var alt kvitt; Ryggen boygde seg meir
og meir. ,,Han saknar veel Son sin,« sagde Folk
og hadde fyr fyrste Gong liksom vondt av den
gamle Mannen. Men Sanningi var, at han var
komen i tunge Tankar—yver Son sins Ulukka» Var
det fyr den Synd, som hadde dyngt seg upp i
Ætti, at Straffi no kom? Var det dei Pengar,
som han og hans Faer hadde provt aa klora til
seg med Urett, som no strauk? Og kvi skulde Straffi
. just leggjast paa den Saklause, og der, som ho
maatte falla tyngst? — Gamle Aasbjejrn leid hardt

« til atters fyr kvart Aar.

D er·

under desse Tankar· Han tenkte aa tala med·Alv-

hild, men det Vilde aldri hova til. Alvhild var

vandare aa raaka no i det sidste,. totte Aasbjorn.
(Meir.)

Gardctt din

maa du ikkje byta sund.

Detta hev vortet sagt so mange Gonger; men
det maa segjast til dess du lærer det. Det er ei
Lands-Ulukka, som er ute i denne ustoggelege Sund-
byting av Gardar. Held det paa med detta, so
vil tilslut heile Folket sokkja ned iiArmod og Ve-
salldom, og so fcer det Trældomen paa Kjøpet.

Det er ikkje det, som vantar, at Gardarne
vaare er for store; var det so, so vilde det vera
godt, at dei vartutbytte. Mett i dei fleste Tilfelle
er dei smaae nok fyrr, elder just fo store, at dei
ved jamt Arbeid og vitug Framferd føder sin
Mana. Byt no ein slik Gard sund i tvo elder
tri Luter, so kann du vita Endalykti. Jstadenfyr
ein god Mann fcer du tvo elder triArmingar, som
slit seg sund fyr·· aa berga Livet og endaa gjeng
Tilflut gjeng det ut baade
med dei og den gode Garden,— til Tap fyr Alle-
og til Bate fyr Ingen. Detta er fo greidt, at
kvar einaste Mann maa kunna sjaa og skyna det.

Det, som likevcel avlar fram denne Sundby-
tingshugen, det er Stakkarsdomen hjaa vaare unge
Gutarc at dei ikij hev Mod elder Hug til aa
fara ut i Verdi og freista si Lukka paa andre Maa-
tar, men likar best Omnskraai, og vil helst ganga
og slengja paa same Staden i all si Tid og liva
paa den Maaten dei er vane med, um dei fo veit,
at det vert berre Armod. Dersom det var nokot
Framkjomd i dei, so saag dei strakst, at dei var
betre farne med aa reisa ut og royna seg, enn
dei er med aa ganga der heime og bala med ein
liten Husmannsflekk av ein Gard, som det aldri
kann vera nokor Framvon i. Men dei vil helder
vera »trygge«, maatru. Dei er so glade i det
,,Visse«, at dei helder tek den »visse« Armod enn
det »uvisse« Framstraev. Og Foreldri hev ikkje
betre Vit, dei helder. So vert vaare gode Bon-
degardar skifte og skifte, tildess det sit berre Fant
att paa dei T·ufter, der det fyrr budde Fagna
Folk. Du kami harma deg ihel av aa sjaa paa
slikt. .

Hev du voret paa Vestlandet og set alle dei
Sviaabruk og Smaabonder, som der paa sine Sta-
der er? Det er Husmaimsleppar det meste. Og
fo er Livet deretter· Git cevelegt, vonlaustKav og
Matstrcev fraa Dag til Dag og fraa Aar til Aar;
der er Ingenting aa vinnaz Garden er for liten
og ar11r til aa kunna hjelpa sin Mann framz det,
det gjeld um, er aa skaffa Maten til Munns, so
vidt at Ein held Livet. Dei fcer ofta korkje Tid
elder Raad til aa liva som Folk, og ikkje Sans
fyr det helder. Matstrcevet et upp all Ting. Dei
hev ikkje eingong Magt til aa halda det reint og
hyggjelegt i Huset. Dei fleste Husmenn paa Upp-
landi hev det fjelgare i so Maate enn dei. Ar-
modsdomen gjer dei aandlause, sure og myrke.«
Dei taper Sansen fyr Alt, utan fyr det som fyller
i Gryta. Upplysning bryr dei seg ikkje um; det
,,Fagre i Livet« held dei syr Fjas og Synd; sjolve
Trui fcer detta same fure og aandlause ved seg,
so ho snarare gjer Folk til Trælar enn til ,,frie
Born.« Ho vert til eit ,,Matstræv««, ho og, paa
sin Magte. Det heng ihop alt slikt. Skal du
liva som Folk, so maa du hava det romlegtz hev
du det for trongt, so vert du Træl, og sum Tid
Dyr med. » ·

Jkkje nok med, at slike Smaabonder armar
seg sjølv ut i detta endelause Kavet, men daa det
er raadlanst aa dyrka og driva smaae Bruk paa
vitug Maate, so armar dei ut Jordi au og er
soleids endefram til Skade fyr Landet. For store
Gardar er vondt; men for smaae er reine Vonloysa·

Nei, hev du ein god og skikkeleg Gard, fo
byt han aldrisund. Set upp til ei ,,Grunnlog« fyr
baade deg sjolv og dine Ervingar, at LEttargarden
er eit »uavhendelegt og udeilelegt Rike« fyr denne
2Etti. Hev du Pengar, so bruk dei til Dyrking
av Garden og til Uppskuling av Borni, so fer du

’ aat som ein klok Mann og hev Takk baade av Lan-

det og av dine Arvtakarar» Lat den av Gntarne,
som hev best Lag fyr Jordbruk,’faa Garden; dei
andre skal du senda paa Skular, elder til Sjos, so

’det kann Verta Folk av dei paa andre Maatar, og

knip det hardt, so styr dei til Amerika. Men lat
dei ikkje ganga heime og arma ut LEtti og byta
sund Garden.

Paa denne Maaten kann du faa alle dine
Gutar i Veg, og Garden vert verande heil i Ætti.
Dei, som fer ut, vinn seg altid upp, um dei hev
Vitet til det; og den som heime sit, kann og berga
seg. Hev han Upplysning og Kunskap, so kann han
driva Garden fram og hava det godt, og paa det
vinn Alle og Jngen taper.

Det er med denne Utbyting av Gardarne mest
som med Sveltefodring og Ureinskap og Skog-
tyning og Maalloysa og annan slik national Ar-.
modsdom: kvar Mann, som kann telja til fem, fer
at det er galet, og det vert gjort likegodt — av
,,gamall Slendrian«, som dei segjer. Men dei som
hev Vitet, lyt endaa slaast med Slendrianen; for
Folk er daa Folk og ikkje Fe, og eingong maa dei
læra» Og det, som denne Ættleden lærer aa skyna,
det lærer den næste QEttleden aa gjern, og paa
den Maaten sig det. n.

Maalstrid cll vaar

gjeng frani· Alle vaare beste·Folkeblad, som ,,Op-
landenes Avis««, »Norge", Verdens Gang« o. fl.,
er no so hugheilt med paa Tanken, at det er styrk-
jande og vonfullt aa sjaa. Og det er det,A som er
det største, at det jamt er dei liberale Blad,
som er med oss, men Bakstrævarbladi, som er imot
oss. Det er det, som syner, at Framtidi er paa
vaar Sida. Men det maa so vera. Maalstriden
og Fridomsstriden er i Grunnen Eit» Dei vildet
same i Røyndi· Det er Norigs Grunnlog, dei
baade tvo vil gjera til Liv og Sanning. Og fo
maa dei slaa Lag, og det dess fastare, dimeir dei
fcer Syn fyr Grunnen i sitt eiget Yrkje»

Bladet ,,No"rge", som no er eitav vaarefrem-
ste Folkeblad, baade etter sitt Jnnhald og med
di at det gjev meir Lesnad fyr Pengarne enn dei
andre, hev i eitav sine sidste No. eit framiiraa godt
Stykkje um Maalstriden i Belgien, som me vilde
ynskja, at Alle fekk lesa. Det innheld baade
sorvitnelege Upplysningar um dei belgiske Maal-
hove, og dertil ei klaar og raakande Saman-
likning millom desse og dei norske· Det viser
seg her som allestad, at eit Folk,.sotn vaknar,
stødt vil koma til den Kjenning, at Landsens
Heimemaal er det fyrste nationale Livskrav, og
at alle andre Avsyn vert veike mot det. J Bel-
gien er det 2,256,860 Jnnbuar, som talar Fransk,
og 2,659,890, som talar Belgisk (Flamsk). Det
er soleids mest halve Folkemengdi, som talar Fransk.
Og Fransk er eit av dei største Kulturmaal i Verdi.
Likevcel er det no Meiningi aa setja det Flamske
Maalet fullt jafnsides ·Fransken. J Norig er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1878/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free