- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 2:en Aargang. 1878 /
182

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

182

Fedrahei«men·

the Juli 1878.

aa nemna nokot serskilt um det. Og som sagt:
det kunde nok hava sine Grunnar.

Det er ikkje berre Vitloysa, naar Paven
set upp Listur yver bannlyste Bøker· Den reine
Vitloysa kunde aldri halda seg uppe slik. Det hev
eit Drag av Mannamilde elder Humanitet i seg,
som ikkje er so reint motskapt endaa-

Det er soleids sannt, at·den trygge, einfalduge
Barnetrui er den, som Folk kjenner seg mest sæle
med. Den, som liver i den fulle Vissa, at hans
Tru er den einaste rette, og som ikkje eingong veit
um, at det finnst Folk, som tvilar paa det, han
hev ein aandeleg Fred, som tenkjande og tvilande
Menn kunde ovunda honom. Han hev sitt eine
faste Livssyn, som aldri rikkast, men som han kviler
i so trygg som Barnet i Vogga. Han kann
paa den Maaten verta ein meir heilvaksen Natur
enn dei fleste av dei, som kjem inn i Tvil og
Sjangling millom fleireLivssyn,-—meir heiloak-
sen, mindre vinglevoren, mindre viljeveik· Me veit
soleids, at Millomaldren med si barnslege tvilfrie
Tru hadde fleire heilvaksne Menn, fleire store og
klaare Karakterar, meirVilje og uklade Kraft, enn
Nyaldreii med dens Upplysning og Tenkjing.
Barnetrui er liksom Adam i Paradis: ho veit ikkje
av det vonde i Verdi, og er sterk og sæl ved den
Faakunna. Sældi kann vael ofta vera av det Sla-
get som han talar um Evasmus Montanusz at
,,den som sov syndar ikkje.« Men um so var:
er det daa ikkje betre aa«sova og vera sæl enn aa
vaka og lida?

So snart Folk foer vita, atfder er Tvilarar
og Fornegtarar, og at desse jamvcel kann vera
kloke Folk, som hev Grunnar fyr sine Meinin-
gar, so er den scele Barnetidi slut, og det kjem
Uro inn i Folkehugen. Og endaa verre vert det,
naar dei foer hoyra desse Grunnar og Meiningar.
Daa hender det ofta, at deisjzeilve tek til aa tvila·
Men aa draga aalmenn Mann inn i slik ein
Strid, det er, kann Ein segja, hjartelaust· Den,
som sjølv hev voret i den Ota, veit kvat det
hev paa seg. Det er faae Ting, som kann gjeva
slik Hugverk og Hugsott som desse Tvil og Grann-
skingar i Trui. Det er so altfor store Ting det
gjeld um, maavita. Lat oss berre tenkja paa slike
Spursmaal som det, um Sjæli vaar er dpyeleg
elder daudfri; um der er ein livande Gud, som
styrer Verdi og hev Auga med all vaar Ferd; um
der er eit Helvite fyr dei Bonde, og um det er
evigt elder ikkje evigt; — Spursmaali er so store,
at kjem du fyrst inn paa dei, so syller dei heile
din Hug og syg til seg alle dine Tankar. Du
gjeng som sjuk; det et og gneg i deg, so du fær
ikkje Fred. Barnetrui hev vakset seg so inn i deg,
at kvar Rykk som Tvilen gjer til aa riva henne
ut, so er det liksom naar du skal riva ei Pil ut
or eit vondt Saar: Hjartat vrid og krympar seg i
Livet paa deg, so du er reint i Raadloysa« Stri-
den kann vael altid vera meir elder mindre hard,
alt ettersom du sjolv er til; men er Tvilen aalvor-
leg og djup nok, so er«han ei med dei saaraste
Sotter eg kjenner»

—Difyr er det og so styggt, naar nokon finn
paa aa drioa Gjon og Spott med Folks Tra.
Det var styggt av Gamletidi, naar ho spanad Folk
paa Pinebenken i Trudomssaker; men det er mest
« likso fælt av Nytidi, naar ho fører Krig mot Folks
Tru med Spe og Spott og sjalvbyrg Kaldfliring.
Det skjer og riv i den saare Hugen det, aa lesa
elder hoyra svivyrdande Spitord mot den Tru, Ein
dyrt elskar og strider saart fyr aa verja mot den
tærande Toil. Vcel er det so, at det finnst aan-
delege Sjukdomar, som er so seige, at dei maa

brennast ut med Spott elder piskast med Svivyrd-
ing, og det er overlag vandt aa vita, kor langt
Ein i kvart Tilfelle med Retten kann sleppa seg.
Men dersom dei Friske altid hugsad etter, korleids
det er aa vera sjuk, so vilde dei visst altid vera
meir varsame og mjukhendte enn dei no er, naar
dei foor med aa vera Aandslaekjarar. —

Dersom det no er so, at desse aandelege Stri-
dar er so harde og saare, og fører med seg so
mykje Hugverk og Liding, kor vilde det daa bera
til, um Ein leidde heile Folkemugen uppi slike

Tvilsmaal og Ugreidur? Vilde det ikkje paa Lag

vera det Verste, Ein kunde gjera mot eit Folk?
Vart det ikkje ei Storsynd so skakande fæl, at ingen
Livande kunde bera Andsvaret?

— Det er og sannt, at den store Mugen paa
ein Maate er ,,umyndig" i desse Saker. Han hev
ikkje den djupe Lærdom og det vide Syn som skal
til fyr aa tenkja desse Spursmaalskikkelegigjenom.
Men er det daa ikkje meiningslaust, ja faarlegt» aa
leggja Steinar paa Folks Rygg, som Ein tykkjest

vita, at dei ikkje kann bera?

So er det og sannt, at Sedugskapen elder
Moraliteten i eit Folk storleg stend paa det, um
Trui hev full Magt hjaa det elder ikkje. Det
høyrest raatt ut, men det er likevael sannt, at slik
somMengdi av Folk no er, so treng ho Age fyr
aa koma til aa liva eit sedugt Liv. Det trengst
ei Magt, ein ,,Autoritet,« som Folk boygjer seg
fyre, og som kann tygla dei mange Ulyster i Man-
nens Natur. Tak denne agande Magt hurt, so
kokar heile Havet av Dyrenatur upp Eog øydelegg
det sanne Mannsliv. Det renn liksom Jotunblod
i Mannsens Aarer; Meiningi er væl, at det skal
klaarnast av og»reinskast, til det vert Mannsblodz
men det gjeng smaatt med detta, og naar Livet
stend laagt, so er Jotunblodet enno so tjukkt og
sterkt, at det er fælt so vondt aa styra. «Hugen er
raa og sjolvsjuk, og Synet fyr det som større er,
veikt og trongt. Detta gjeld ikkje berre »Mugen«
i den vanlege Tyding av Ordet; det gjeld upp gje-
nom alle Stand og gjenom alle Stig av Upplysning.
Det gjeld so langt upp som til dei, som hev vun-
nest paa aa arbeida seg ut til heile, gode Karak-
terar-««) paa faste, klaare Grunnsetningar. Men dei
er faae.

Dei finnst. Dei fannst i den gamle Heiden-
domen, og dei finnst i«den nye. Aa negta det
vore aa slaa Soga og den daglege Roynd paa
Munnen. Sume Theologar hev stor Hug til aa
gjera detta; men dei gjorde best i aa latadetvera.
Det er sannt, at den heidne Moralen er byggd paa
Sjolvkjcerleiken. Tilmed ,,Altruismen«’«"««) er byggd
paa den; for Grunnen til, at Ein skal ofra seg fyr
Andre, maa likevcel til Slut vera den, at Ein just
paa den Maaten vinn den hogste og reinafte Lukka
fyr seg sjølv med. Men paa denne same Sjølv-
kjærleiken er i Grunnen den kristne Moralen og
byggd. Sjølve Pontoppidan gjeng ut fraa den, i
di han skil millom den ureine og raae Sjsiilvelsken
og den ,,sanne,« som han segjer er »en af Gud
indplantet Attraaefter at befordre vor egen
Velfærd og Salighed.« Mannen vil vera

t)Karakter: ein Vilje, som hev tamt seg upp til aa
lata seg heilt ut ftyra av ein Tanke. Sjolve den
Mannen, som hev ein slik Vilje — so at altfo hans
Tanke og Vilje er fullt samde og liksom gjeng i Eit
— kann Gin og kalla »ein Karakterz« daa er »Ka-
rakter« det Same som deri heile, heilvaksiie Maniien.

M),,Altruisme« heiter deri moralske Grunntankeu (hjaa
Pofitivistarne), at Ein fyrft og fremst skal liva fyr
Andre (fyr sine Sammenningar, fyr Mannsaetty og
ikkje helst tenkja paa seg sig-kv-

sscel (lukkeleg), den Ting er viss; og fraa den Ting

— maa all Moral-ganga ut, nm han vil hava nokon

Grunn aa kvila paa og faa nokor Magt yoer Man-
nen. Si høgste Vigsla og djupaste Meining fcer
vcel all Dygd og Sedsemd gjenom Trudomen og
dens høge,-sterke Æveheimstanke; men Moralen er
ikkje so plent bunden til Trui, at der ikkje skulde
kunna vera Dygd3«) utanum den. Men det er
sannt, at slik Dygd er sjeldsynt og ikkje krevjande
av Stormengdi» Til aa naa eit so hogt Stand-
punkt paa heiden Grunn trengst det fyr det fyrste
stor Upplysningx men den er ikkje nok; det krevst
dertil eit naturlegt Godlynde, ein naturleg Sjæls–
adel og Sans fyr det Reiiie og Ædle, som langt
ifraa i rette Mun er koar Manns Eign. Nokot
av denne Sjælsadelen hev væl Alle; Samfunds-
drifti finnst i koar Natur-, og den Dristi styrkjest
og kvessest gjenom god Upplysning Men det er
berre sjeldsynt, at ho fær ei fo stor Magt, at ho
aaleine evler aa toyma og tygla dei sterke Jo-
tunmagter, som ligg og gjærer paa Botnen av Na-
turen vaar; Sjolvelsken er jamt for sterk; Hugen
til Njoting er sterkare enn Hugen til Arbeid og til
Sjvlvofring; og i denne ucedle Naturen vert daa
ofta sjolve Upplysningi vend til det vonde. So
vert det daa til det, at Ein ikkje i det Heile og
Store kann lita paa Mannens eiget Vit og Vilje.
Eikor Magt utanfraa maa til. Anten ho no vert
standande utanfyre som ei Trældomsmagt elder ho
fcer veksa inn i Livet som ei loysande og lyftande
Fridomsmagt, — til trengst ho. Det finnst dei·
som trur, at JCtti Stig fyr Stig vil veksa i God-
lynde og rein Vilje, so ho tilslut vil koma so langt,
at ei slik Utanfraa-Magt ikkje trengst. Men dei,
som trur detta, vedkjennest likevcel, at det er langt
fram dit, og at Utanfraa-Magti dessutan trengst
just til aa upp-aga og upptemja Folk til aa naa
so langt. Men denne store agande og moralsk
upvfostrande Magt er Trudomen. So lengje den
fær liva i sull Trygd og umeinkat Velde, so lengje
vil og Folkelivet haldast med Helsa og Samfundet
standa trygt. Trudomen er den Thorshamaren, som
agar alle Jotunar og Uvette og verjer Mannheimen
og Mannheimslivet mot deira Magt og Villskap.
Og dersom Trui vert livande i Folket, so er ho
meir enn ei Utanfraa-Magt til Tukt; ho er den
Aandssol, som lokkar fram or den daude Moldi alt
det sevjerike, varme Sumarliv, som der ligg løynt
i tusund usprottne Frce og Spirar. Vil det daa
ikkje vera halslaits Gjerning aa draga fram Magter,
som kannhenda kunde avmegta den agande Mjolner
og skyggja fyr den lioskapande Sol?

»Sknledirektor Bonnevic — Bygdcmaali i

Aalmngcsknlen.«
Framhald.

Detta tyder nokot; dei heo nemleg som oftast
vakset seg fram til detta, etter atdeivardt Lærarar;
paa Seminarskulen vertnemleg, so vidt eg hev høyrt,
Jnkje lært um Folkemaalet og dess Bygning, korkje
Ljodlcera, Formlcera elder Setningslcera, endaa det
i alle desse Deilder byd fraa Sidur, som vik myket
av fraa Vokmaalet. Eg hev endaa høyrt, at Lær-
aren paa eit Seminarium, naar han skulde henta
Dome paa fleire Fellingsformer (Casus), brukte aa
ganga til storframande Maal, slike som Latin, endaa
det millom Lærlingarne ved ein slik Skule sit ein
heil Flokk, som fraa Barns Bein hev brukt og,
sosnart dei er ferduge med Seminargreida, kjem
til aa bruka fleire Fellingsformer i sitt Talemaal,

Ik) At den Dygdi ikkje fcer nokot Verde i trudomsleg
Meining, — det er ei Sak fyr seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1878/0182.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free