- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 2:en Aargang. 1878 /
282

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

26de Oktober’ 1878.

,,Paa —Hjernthien".
- 11.

Dette Stykket hans Alexander Kjelland er ikkje
større enn at det fær Rom paa 10 Blad i Tids-
strifti.. Men so er her helder ikkje ein Setning,
som ikkje inneheld eitkvart vekkjande fyr Vit hell fyr
Hjarta· Det er eitStykkje Mannsliv, han lyser upp
i, og’det gjer han nokot paa same Maaten som
Eldingen blenkjer upp i ei kolsvart Nott·

Fru Wor1n, eit framifraa hngsterkt og hug-reint
Kvende, er gift med ein Kaupmann, som. hev gjort
Svik (skrivet falske Namn), og somdifyr er komen
paa Tukthuset. Sjolv sit ho heime med sine tri
Born med berre Skuldi og Skatnmi aa liva
taa. Men ho tek til aa arbeida, saumar og stræ-
var og arbeider seg upp ein heilForretning, so ho
baade greider seg sjølv og betalar Mannens Skuld.
Ein vert i Fyrstunne mest rædd denne Fru Worm;
ho hayrest so hard og kald. Denne Kvelden her
sit ho som vanlegaa saumar; Mannen hennar er
just ventande heimatt fraa Tukthuset No vil Døt-
ter hennar, Anna, og Kandidaten, Anna’s Feste-
mann, at ho skal fylgja dei ut paa Bryggja aa
taka imot Maanen. Men ho vil ikkje. Og naar
dei paa vanleg Maate med varlege og mildlagde
Ord prøver aa gjoyma burt alt det, som maa vera
henne saart aa hoyra og minnast, so nemner ho
sjolv med fast Mæle dei tunge Ordi som dei andre
vil loyna ——: »Tukthuset", »Logbrotsmannen«,
,,lausgjeven Straffange« og meir slikt; heil San-
ning skal der vera i alt, um ho enn er aldri so
saar. Ho hev i den lange Ventetidi tenkt igjenom
mangt av det, som er rangt og rotet i Samfun-
det ikring henne; ho hev gjort seg sine Meiningar
klaart og heilt upp utan aa boygja av fraa det
som kjendest snart; og det, ho sjolv hev røynt, hev
lært henne aa sjaa, ,,kvat dethev paa seg aa vera
ein Manns Kona i detta Landet.« Detta lange
einslege Livet saman med desse Tankar, hev liksom
herdt henne. »Naar Ein i lang Tid««, segjer ho,
,,hev brukt all si Magt paa aa utgruiina og gjenom-
tenkja ei einaste Sak, daa vert den endelege Yver-
vitning" liksom ein vælmurad Festning, og Tankarne
legg seg tilrettes liksom skarpslipte Vaapen.« Men
Ein merker likevæl snart, at der er eit Hjarta
under Klaarskapen og den ytre Hardleik, og det eit
varmt og rikt eit. ,,Tru meg, Vornl« segjer ho,
,,eg treng heile mi Kraft til den Striden eg no
gjeng til Mates« Det, som argar henne, er, at
Maanen, Brotsmannen, no skal koma heim, radt
fraa Tukthuset til henne, og, utan Anger og Skam,
med logleg Rett, kunna krevja aa taka Styret
yver det Hus og det Yrkje, ho sjolv med sitt ær-
lege Stræv hev bygts; var han ein heilt ut ærleg

Mann, ein Man11, som i sann Anger hadde reist

seg fraa sitt djupe Fall, ,,daa stod mitt Hiis og
Hjarta honom opet«; men det er just det, han ikkje
kann vera, naar han slik kjem- drivande ende fraa
Tukthuset og heim til henne. Og ho veit det av
»Brevi hans med. «

Dei andre gjeng paa Vryggja. Alle ,,gode
Menn« i’ den vesle Byen, endaa til Presten og
Byfuten, tevlast um aa te seg ,,nedlatande« mot
den stakkars Brotsmannen· Men Fru Worm sit
heime og syr.

No kjem Worm inn gjenom Dørt. Han gjeng
beint fram motKona si med vidopne Armar: ,,O,
Marie! endelig har jeg dig igjen!« —- Men ho
dreg seg ifraa· Ho hadde endaa havt som ei Von
um, at han kunde koma som ein angrande, skamsull
Mann, med Bøn meir enn med Krav; men den

»,tilgjev honom av heile sin varme Hug.
han gjeng, og den vesle Son deira, Ottd, spyr:

Voni er no sviki. Ho er harm og uppost i heile
sin grunnsanne og grunnærlege Natur yver, at Kvinna
ikkje skal vera ein meir mætandeSkapning, enn att
ein slik Mann sskal vaaga aa bjoda seg fram syr
henne paa denne Maaten. Men han vert vond,
talar som han var i sin fulle Rett, og meiner paa,
at Brotet hans ikkje er so stort, som ho vil gjera
det til, og at han i Grunnen ikkje er verre han
enn alle desse andre, som no gjeng syr skikkelege
Folk. Ho fortel honom daa, at ho hev arbeidt
upp ein heil ny Forretning, større enn hans var,
at bo hev greidt heile hans Skuld, og at ho endaa
hev Pengar tilovers, og »—— det mest vigtige! ——
du skal ikkje kunna finna den minste Flekk hell
Skugge ved min Forretning fraa syrste Dagen av
og til i Dag«. Han vert upp i Undring. ,,Naa,
væll« segjer Frua, ,,synest du no — berre naar
du tek det paa rein Forretningsvis — synest du
det er som det skal vera, at du stig ende fraa Duft-
huset inn i ein slik Forretning som naturleg Med-
eigar, ja — etter vaare Logjer — endaa til som
den, som hev det ovste Styret?«- Worm mjuknar.
,,Nei, — men — ——«. »Kann du ikkje au tenkja
deg, kor,innerleg tungt det maa vera fyr Kona di
aa sjaa deg koma att fraa Strasf og Jammersdom
utan aa ha lært annat enn det, at Kunsten aa
vera ærleg ligg i —»aa vera litegrand meir slog
og varsam!" Worin sig reint ihop. ,,Jau, jau,
Marie, du hev Rett««, segjer han. ·»Lengerutisegjer
Frua: »Men enno er ikkje alt tapt· Eg hev set
ein Glimt av din gode Natur; endaa kann Angeren
. . . For du hev ikkje angrat! hadde du angrat i
Sorg og Skam, so var eg den siste i Verdi, du
hadde komet til. J den burtaste Kraai paa Jordi
hadde du gjoymt deg, og voret glad du hadde i
Lvynd tort stræva fyr dei, som du so styggjeleg hev
sviket og urettat. Og naar du daa kjende deg so
laak, at du ikkje kunde tenkja paa dei skuldlause
Borni dine og den ærlege Kona di utan aa raudna,
naar du knapt vaagad senda meg det du tente
iSaknad og Slit — daa vilde eg samla den
vesle Flokkeii min og skunda avstad yver Land og-
Hav, gjenom dei staakande Byar og den yrjande
Mannheim, til deg, til deg, du kjære9min Mann!"
Worm sig i Kne og bed henne um Tilgjevingx ho
Og daa

,,Mor! skal han no sara fraa oss att!« so svarar
ho: »Nei, Guten min! No er Faer din— paa
Heimvegjen«. (Meir.)

Skule og Upplysning.
Smaa Skuletankar.
(Sluten).

Eg slog paa det heroppe, at dette »Materiel«-
Stræoet syner fram ein Taatt av den ossicielle
Skuletanken. Med all den Nytten det gjer, kann det
vera verdt at sjaa etter, um det er ein god Tanke,
det dreg etter seg. — Det heng no fyrst ihop med
det, at Barnet skal sjaa og taka paa alt det, det
lærer; det er denne tydske ,,Anschauung«, som er komen
i Mote. Folk vrid seg fælt med det her iLandet,
og det hev ’kje fenget slik Magt, som det skal hava
derute, men inn i Straumen er me komne. Det
maa hava si Tid og laupa Lina ut, so det er mest
raadlaust aa strida mot. Det kann setja av mangt
godt og nyttelegt. Folk kjem nerare til Tanke um,
koss eit Barn skal lærast, og det gjeng eit Drag
gjenom denne Læremaaten, som nvyder til at
taka Lærdomen meir endefram og skyneleg, og
som dreg Læraren tidare ned av Kathedret. Millom

dei gode Frukter kann Ein og reikna det, som her
er upplyst, at Ein foer betre Skule-Tølur. — Men
det er samstundes ymist, som eg fæler syre i denne
Læremaaten. Det er dette tjurre og tanke-kloke·
Borni lærer seg til aa vita alt og kunna segja alt-
Alt lærest so, at dei kann taka og peika paa det.
Det er Sjaaing og Skyning og Tenkjing alt. —
Dette tykst verta svært klaart, men kaldt og poesi-
laust. Barnet lærer t. D. aa sortelja so urimeleg
greidt og visst og vent um Blomarne, koss dei er
lagad, naar Ein riv deim sund, kor dei gror, og
kvat Nytte, me hev av deim og — kor «vene dei
er. Men sovoret tykst mest vera ubarnsklegtl Det
kann verta sormykjet av det.

Det er aa sjaa og vita, men litet av Kjensla«
Det vert so lett nokot utvortes, mekanisk. Barnet
lærer aa handfara Alting liksom etter ein viss Regel;
i den er det upptamt. Soleids vert heile Skulen
liksom ein Eksis. Og Læraren han er den store
Eksermeistaren, som gjer det altsaman som etter
,,Reglementet««. Verre han kann det og held seg
til det, so gjeng det som det skal. Det vert difyr
mykjet av det beste i honom, som Skulen inkje
kann brukaz nokot av det djupaste innst i hass
»213ersonlighed« ligg unyttat· Og disyr vantar det
so titt Aand og Hjarta i Skolen. .Læraren fær kje
bruka det, og Borni inkje helder. Det er borte
det løyndomsfulle Vand millom deim, som skulde
gjera Skulen til ein Heim. J det ytre krum nog
Tonen vera ven og godsleg, men han kviler kje
paa sterk djup Grunn. — Læraren er eit Stykkje
»Materiel«, som skal hjelpa Borni til skyna mange
Ting, men han kann vera glup til det utan« at
vera syr deim den varme sterke gjilde Mannen,
som dei liver Varne-Aari saman med i Hugnad og
Gleda.

Dette Materielspursmaalet heng og ihop med
det, at det er den ,,reale« Daningi, som hev Un- «
dertaket paa Folkeskulen. Fyrr var det mest berre
Forklaarings-Trudom, ,,Folket« fekk; no skal det
faa nokot meir; disyr ser dei til i Byar og Stor-
bygder aa taka fraa Trulæra nokre Timar, og so
kjem det reale Læregreiner istaden. Eg vil 1kje
nemne Rekning, som er no so nytteleg baade til
aa læra tenkja av og til Livsbruk, men so er
det Naturkunna. Det er kje Feil i, at denne Lære-
grein held paa aa taka Magti i Folkeskulen, sam-
sides med andre ,,nyttelege Ting-A Lærar:Semi-
nararne syner dette. Fyr nokot meir en eit halvt
Tjug Aar sidan kom det sterkt fram her i Landet,
at Folkelærararne laut verta naturkunnige, og so
varde det kje lengje, syrr det vardt gjort Rom fyr
det Kravet, og no trur eg dei les Naturkunna paa
Seminaren, so dei myrder seg mest. Likeins er det
vcelpaa Lærarskularne· Samstundes er Sogatrengd
tilsides· Etter Reglementet skal det nog inkje vera
meir av Heimssoga en nokre Smaastubbar til aa
upplysa »Fædrelandets og Kirkens Historie««. Og
her um Aaret, daa Storthinget vilde hava Oldnorsk
inn paa Seminarom, svarad dei, at det var ’kje
Rom, endaa Gutarne kjem dit mykje meir heiman-
lærde en fyrr. Legg Ein alt detta ihop, so kjem
det ut den Sammen, atiFolkeupplæringi vert ,,det
reale« dregetsram, og ,,det humane« trengt tilleds·

Det er atter den tyske Skuletanken, me hev
Tak i. Han er i dette Stykkje og den raadande
hjaa oss. Baade det, Folkeskulen lærer Vorni upp
i, og Maaten, me tek det paa, lærer me etter det
tyske Mønstret, um me en gjere nokre smaa Til-
lempningar. Denne nyare tyske Skulen kom so i
Ropet her um Aaret; han fekk Æra baade fyr
Sadova og Sedan. Men tru han hev plogt den
Grunnen, der Sosialismen no gror so godt? —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1878/0282.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free