- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 2:en Aargang. 1878 /
314

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

314

Fedraheitiien »

23de Noveinb er 1878·

Her paa Strandi hevme i Haustfenget istand
eit »Gutafamlag« (,,Ynglingeforening’·). Det er
enno nytt, so her er ikkje stort aa fortelja um det-
Presten vaar, Sverdrup, som me tykkjer so svært
godt um, hev haldet Fyredrag um 1814, uin Henrik
Wergeland, um Paris, um Luftballonen, um Ther-
mometeret og Barometeret. So hev me Sang,
Upplesning og Ordskifte. Det er reint ein Hugnad.
Mange »Medlemer".

Og fo Takk fyr no.
God Lukkat

Eg kjem nok attum att-
S. —. -

Stød (ved Throndheim) 10de Novbr. Eg
er alt vaksen Kar; men detta er fyrste Gangen eg
prøver paa aa skriva Moersmaalet mitt! — Og
det er væl mange, som ikkje er lenger komne.
Men um enn Storhopen enno stend kald fyr denne
Saki vaar, so er her daa ein »liten Flokk", som
av Hjartat elskar »Maalet hennar Mor«, og denne
vesle Flokken «er mest Høgskalegutarne. Folkehøg-
skulen hev kveikt Elsken til Moersmaalet liksom til
alt annat »,stort og herligt, vi i Arv har faat."
Men — difyr er og denne Skulen so hatad av
vaare Dansk-norske, som nok hev best Hug paa aa
»regjera« sjølve·i detta Landet. Høgskulen lærer
Folket upp til aa tru, at det helst bør regjera seg
sjølv, ja at det bør gjera seg upp sine Meiningar
sjølv, —— ogdet er greidt, at slikt maa vera ,,revo-
lutionært«! —— Men trass i alt Hat veks Talet
av vaskulevener med kvar Dag.

Den gilde Læraren H. K. Foosnæs heldt Høg-
skule fyr Gutar her Vetren 1875· No i Aar ven-
tad 1ne—so-smaatt me skulde fenget Amtsskulen
hit; men det vart ikkje. Eg vil ynskja me fær
honom til næste Aar, Det er ein framifraa gild
Skole; Five og Vik er Lærarar, som veit aa kveikja
upp Ungdomshugen i Elsk til Heim og Folk, og
det er just det me treng. Den 18de Novbr» skal
Foosiiæs byrja ein Gjenteskitle i Beitstaden; men
det ser dessverre ikkje ut til, at vaare Gjentur enno
hev lært aa sjaa Gagn i god Upplysning; det skal
ikkje mange hasmellt seg enno. Det er denne
syrgjelege gamle Fordomen, som sit i Folk, at
Kvinnfolk tarv ikkje læra nokonting, »for dei kann
ikkje bli noko lell." Meii dersom Gjenturne vaare
trur, at dei hev uppfyllt sitt Livskall, naar dei
berre kann koka Graut og Kaffi og stella i Fjoset
o. s. b., so tek dei i Mist. Dei maa læra aa
verta Folk, Folk i Aand og Sanning; — men
vil dei det, so lyt dei nok paa Skule.

Der hender hellest ikkje mykje i vaare Bygder,
Hr. Bladstyrar. Daa hender det nok meir der før i
Landet, er det likt til. Som no t. D. det soin
hende paa Gardemoen den the August A. D-
1878 ——ja det totte me var merkjelegt. Men ein
Ting kann me ikkje rett skyna. Den Presten deruppe
sagde, at dei- kvite Namneklutarne kom »fra den
himmelske Konges Haand." Det er daa vel
ikkje Raad, at han meinte Vaarherre med detta?
— Men kven meinte han daa? — Me hev høyrt, at
Keisaren av Kina kallar seg Herre av det ,,himmel-
ske Rike««z kanskje Presten meinte, at det kvite
Merket var eit—kinesisk Paafund? — So høyrer
me, at det hev vortet gammaldags no aa ropa
3 Gonger Hurra. Det skal vera 4 Gonger no,
segjer dei. Me ropar no sjeldan Hurra utan paa
17de Mai; — men daa er eg nok rædd me kjem
til aa halda paa med aa ropa 3 Gonger Hurra
fyr gamle Norig, endaa um det er gamalldags.
Og — ,,3 Gang 3 skal alle Fjeld for Norges
Sønner raabe Held««, heretter som fyrr. Me bryr
oss ikkje vidare um »Reformer«, som me ikkje kann
sjaa nokot Gagn i.

J Politikken er her stilt. Men — vent til
Val-Tidi kjem, so lovar eg me skal møta som ein
Mana. Melikar Fridomen her uppe hjaa oss.
Det »Stangske System« bryr me oss ikkje mykje

um. Ei Regjering, som driv Tidi med aa gjera.

Høgbrotssaker utav meinlause Privatbrev, trur me
ikkje me kann venta nokot vidare store Verk av. —
Ja Løberg, ja. Løberg hev mange Vener her nord;
han er fostrad her i Trøndelagen, og han hev i all
si Ferd vist seg som ein ægte Trønder. Eg hev
ikkje høyrt meir enn ei Meining um det »Varpet«
som Regjeringi gjorde i denne Saki. Folk mei-
ner, at Landsstyret gjorde betre i aa halda Auga
med slike Ting som dei »21 Millioner klingende
Argumenter««, enn aa «verja Kongedrimet« paa
denne Maaten.

— Men no er eg komen so reint ut paa
Vidaatta, at det er best eg sluttar. Næste Gong
skal eg sjaa eg kann vera mindre »høg-politis«;
fyr denne Gongen lyt De orsaka meg, Hr. Blad-
styrar! S. . . 11.

Skule og Upplysuiug.

sSluten.]

Tredie Møtettok til med, at Direktøren ut-
delad bland Lærararne eit Papir med 3 Spursmaal
paa, i di han hellest leet um, at Flokken var hel-
der tunn i Dag (for det var mange, som ikkje
møtte sram denne Gongen). Paa Papiret stod
prentat:

»1· Ansees de i de gjældende Undervisnings-
planer for Almuskolen paa Landet indeholdte Be-

stemmelser, at dettilladeg Børnene og tilhol–

des Læreren navnlig i Børnenes første Skoleaar
som mundtligt Meddelelsesmiddel saavidt muligt
at benytte Barnets eget Bygdemaal, paa samme
Tid,· som det gjøres Skolen til Pligt at veilede
Børnene til at forstaa, læse, og saavidt ske kan

tillige skrivtligt og som Hjælpemiddel hertil mundt- ·

ligt at udtrykke sig paa Bogsproget, for tilstrække-
lige og hensigtsmæssigec2

»2· J modsat Fald, maa det da: a) enten:
ansees ønskeligst at Bygdemaalet udelukkende benyt-
tes den hele Skoletid igjennem, og at Skolen ind-
skrænker sig til kun at veilede Børnene til at læse
og forstaa Lære- og Læsebøgerne; b) eller, hvis
dette sidste skulde vise sig at medføre Vanskelighe-
der, naar den mundtlige Meddelelse Lærer og
Børn imellem udelukkende skal foregaa paa Bygde-
maalet, ansees det nødvendigt, at Skolebøgernei
saa Fald overføres paa Lands- eller Bygdemaal?
o) Forudsat at dette var muligt, vilde det være
i Skolens og Oplysningens Interesse?

,,3. Vil det være til Gavn for Skolen, at
Lærervalget indskrænkede-3 saavidt muligt til saa-
danne, der ere fortrolige med vedkommende Byg-
demaal?« "

Daa Direktøren hadde leset upp detta, upp-
lyste han, at Departementet hadde sendt Stifts-
direktionen Odelsthings-Avgjerdi til Paaskrift (,,Er-
klæring«), og Gin vilde daa og gjerna høyra kvat
Lærarsamlingi meinte. Han bad disyr um eit stutt
og greidt (,,bestemt«) Svar, fyrst paa 1ste Smuds-
maal, og — dersom Svaret her vart nei — sidan
paa dei tvo andre. Ein Del heldt seg fraa aa
svara; og um det enn maatte segjast aa vera mindre
gildt fyr Lærararne aa svara her, slik som denne
Saki no stend, so var det daa fleire som leet paa,
at dei ikkje kunde svara Ja paa 1ste Spursmaalet,
daa dei totte det saag ut som um MeiningiiGrun-
nen var, at Ein ikkje aaleine skulde læra Borni aa
skriva Bokmaalet, men og aa taladet. Ein Lærar

meinte, at kor mange Krokar her enn vart brukade
fyr aa motarbeida Maalsaki, so vilde sho likevcel "
vinna fram; for no var denne Saki ei Magt, og
Motstand en ville berre hjelpa henne fram. Direk-
tøren vilde ikkje vita av, at her vart brukat,,Krokar-«,
og gav seg paa nytt til aa leggja fram Motgrunnar
mot Maalsaki, so det vart Ordkast um denne Saki
igjen. — Ein Lærar upplyste, at Presten hans
hadde tydt paa, at han ikkje maatte lata Borni
attgjeoa i Bygdemaal dei Ordi i Vibelsoga, som
stend med stor Stil: men til detta sagde Direktøren,

at ettersoni— det var løyvelegt atBarnet brukad sitt
eiget Maal, so visste han ikkje av, at der skulde
gjerast nokot Undantak. DenneiDagen var det

og fleire, som uttalad Von um, at me snart maatte

faa Lese- og Lærebøkerne paa Norskt, og Sume

upplyste, at dei ikkje aaleine brukad Bygdemaalet

i Talen so mykje det var Raad, men at dei og

sumtid hadde øvt Borni i aa bruka det skriftleg.

Nokre Lærarar fann, at det som Stiftsstyret hadde

sagt i Undervisningsplanen um Bygdemaalet, var

godt nok,’ og dei svarad Ja til Spursmaal 1.

Men so vart der fleire og fleire som uttalad seg

imotSpursmaalet, so at det tilslut var Storparten

av Talararne, som svarad Nei. Den Vendingi:

,,som Hjælpemiddel . . . at bruge Skriftsprog ogsaa

i Talen« var skik, at det saag ut til at Ein vilde

taka att med den eine Haandi det Ein gav med

den andre. Daa Skuledirektøren vart spurd um

Meiningi med detta, svarad han paa Lag» so:

»Da Skoledirektørerne i 1874 vare samlede, saa

kom man angaaende Sproget til den Mening, som

har faaet sit Udtryk i den Undervisningsplan, der

gjælder for Stiftet, at Lærerne skulde tilholdes at

bruge Barnets Maal ikke blot i Begyndelsen, men

igjennem hele Barnets Skoletid og at det skulde

tillades Barnet at bruge sit Modersmaal ei blot i

Begyndelsen, men gjennem hele Skoletiden, men ——
at man ansaa det for Skolens Pligt paa samme

Tid at hjælpe Barnet til at udtrykke sig skriftlig i

det officielle Skriftsprog, og han maatte forundre

sig over, at dette kunde misforstaaes-« Dei sagde

seg nøgde·med denne Forklaringi og takkad Direk-

tøren, for han hadde gjevet eit so greidt Svar-

Dermed sluttad detta Ordskiftet. Um Direktørens

Svar stemde med Ordi paa den trykte Setelen,

leet dei vera fyr det det var.

Siden talad dei um Rettskrivningi (store og

smaae Fyrebokstavar) og um, korleids Skulen skal

upphjelpa Kyrkjesongen. Tilflut vartder talat um,
kvat Plass »Modersmaalet« skulde havaiAalmug-
skulen. Det vart klagat yver, at i dei Skularne,

der Avdeilderne møter fram samtides, hadde Ta-

bellen ingen Time til Moersmaal» Detta var
sjalvsagt eit stort Lyte· Sume meinte, Ein fekk
taka Tiinar fraa Lesningi, andre meinte, at Ein
helder fekk taka einkvar Skrivetimen til det; andre
att fyreslog baade Slagt, og fo meinte Direktøren
med. Andre heldt fram, at korkje Lesningi elder
Skrivningi kunde vera av med nokot av si Tid, og
dei saag seg i slik ei Knipa, at dei ikkje kunde
fylgja Tabellen. Hertil vart det svarat, at paa.
denne Tabellen hadde det voret grundat i 11 Aar,
og kven kunde væl daa koma med ein betre? Di-
rektøren meinte, at anten fekk Gin fylgja Tabellen
heilt igjenom, elder so fekk me kasta’n yverbord·
Desse Lærarstemmur er visst gode, og der kann
nok vera Sumt aa læra gjenom dei; men hellest
kunde dei visst skipast so, at dei vart til større
Gagn og Gleda fyr vaare Lærarar enn dei no er.
Den Kunskapen, Ein kann faa inn,i ei Tid
av 5—6 Vikur, vert no aldri nokot stor; dessutan
er det væl so og, at Lærararne, naar dei er fer-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1878/0314.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free