Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
38
Fedraheimen.
12te Mars 1881.
Kristi Moral var ein annan enn den,
som sidan hev komet upp. Kristus
sagde til den Rike: Sel alt det du
hev, og gjev det til dei fatike; men so
segjer ikkje det ”kristne Samfundet”
no. Fylgde dei Kristne Kristi Moral
so vilde Verdi sjaa annarleis ut, enn
ho no gjerer. G.
(Innsendt).
sDei bryt ned Vyrdnaden for
Autoritetarne’.
So segjer dei jamnt um Fridoms-
mennerne. Nei det er ikkje Fridoms-
mennerne: er det Nokon, som gjer det,
so er det Autoritetsmennerne sjølve.
Dei hev Autoritet i Fristatarne au, dei
lyder Logjenne og vyrder Embætts-
magti likso mykje der som andre Sta-
der. Kvar ærleg Statsborgar veit det,
at kor fritt det er, so maa det nokon
Husbond vera, ja han ærar honom som
si beste Verja for Fridomen, og han
veit, at eit jamt Framstig er Folke-
bate, men Folkesott i ein Umstøyt, so
meiner au Republikanaren Bjørnson.
Og kvar ærleg Kristen han veit, at
det er ikkje Øvregheit utan av Gud,
difyre maa han vera undergjeven all
menneskjeleg Skipnad fyre sitt Sam-
vits Skuld. For han veit visst, at det
er Gud, som styrer all Heimsens Gang,
so ikkje han sjølv treng gjera Mot-
stand og Uppreist mot dei Tilstand,
som er, og mot den Vyrdnaden, som
er. For han veit at Gud er megtig
til aa umskipa det som Umskiping
treng, og han vil ikkje fyregripa Guds
Raadgjerder. Og Gud brukar ikkje
Motstand hell Uppreist, men han kvei-
kjer Tanken i Mannshugen og læt dei
breida seg ut, og læt dei gjera sin
Verknad paa den Maaten.
Men dei gamalkjære hev smaatt med
Grunnar for Autoritetstanken sin, difor
segjer dei berre: det maa so vera, det
hev so voret, og det er so. Einvalds-
tanken er det hjaa Styrararne, og den
møtest med Ovtrui hjaa Folket. For
Einvaldstanken segjer: so er det, so
skal det vera, og Villmannsfolket ser
Glansen og kjenner Magti, og det gjev
seg inn under Lydnaden, for det kann
ikkje tenkja, og det fær ikkje Lov til
aa tenkja sjølv. Autoritetstanken i
Einvelde maa hava krjupande Trælar,
men 1 Fristaten maa han hava hug-
heile Menn.
Soleis tala dei til Kongarne i det
gamle einvelduge Ægypten: Du Ov-
kjempa, prydd med Glimesteinar, lik
den sigrande (Guden) Horus, Sverdher-
ren, Villmannstvingaren, Folkekonge,
Herre i Øvre og Nedreægypten, du
Sol, du Rettferds Verjar, Solsonen, el-
ska av (Guden) Amon-Ra, Herre yver
Tronarne paa Jordi, du gode Gud, Son
av (Guden) Amon, den høgste Guds
Barn, Konge yver Ægypten, Herren
yver Villheimen, øvste Herskar, Sigrar
yver Villmennerne!” — Endaa finn Ein
ofte ein Snev av dette, ja dessmeir i
Søknadar til Kongen vaar — 1 eit fritt
Rikje. Men em ærleg, friboren norsk
Mann skriv ikkje annat enn beint
fram: Til Kongen! — I dei heidne
Trældomstruerne brukar dei mange og
lange Nemningar til Gudarne sine, men
Toldaren segjer berre; Herre, ver meg
naadig; og han gjekk rettferdig heim.
Den som veit, at det er gamle Ti-
der og gamle Trældomstankar, som
gjeng og spøkjer enno i Hovdingshau-
som — han skynar, at det er meir til
aa graata yver enn aa harmast paa
denne —forunderlege —Autoritetsfram-
ferdi, me ser i vaare Dagar. Han veit,
at likso mykjet er det inngrodd Her-
remannshug og Ukunnskap um Tidi og
Fridomskravet, som det er Brest paa
Godviljen.
Men den som berre er uppalen med
si Samtid og ikkje kjenner og ikkje
skynar dei gamle Maktsegner, den som
kjenner seg som fri Mann og er saman-
grodd med eit fritt Folk og ein fri
Logskikk, kva maa han tru um Slikt?
Kyvat maa Bonden og Arbeidaren
truum vaar Regjering, um Offiserarne,
um heile Embættslaget ?
Han maa tru, det er Spil og Nar-
reverk alt saman. Han maa tru, dei
fer fram etter sine eigne Høgmods-
tankar, han maa tru, det er for sitt
eigjet Namn, dei vil hava Vyrdnad,
ikkje for Rett og Sanning, han maa
tru, det er Maktsjuke hjaa dei sjølve,
som styrer deira Gjerningar nféir enn
det er Kjærleik til Aalmannsbaten.
Han ser, at dei paa den Maaten
vert til Narr og til ein Laatt for Aal-
mugen.
Han maa sukka 1 Hjartat: Dei
sjølve er det, som bryt ned Vyrdnaden
for Autoriteten. 1.
Fraa Thinget.
"Går til sin gjerning de norske mænd
vinglende, viljeløst, ved ei hvyorhen,
skrukker sig hjerterne, smyger sig sindene,
Vige som vaggende vidjer i vindene,...
hejses som merke usseldoms klude,
sætter de æren i flugt og i fald, —
da er det bisp Nikolas, som er ude,
Baglerbispen, som røgter sit kald.”
H. Ibsen.
fi
Ein lyt minnast desse Ordi some
Tider no.
Det er ikkje altid, at Thingmen-
nerne vaare er so staute og støe, som
dei skulde vera. Det hender iallfall
for mange av dei, at dei er so ”ving-
lande” og ”viljelause” og vaggande
”veike”, at Fin heiltupp kann sjaa, at
Baglerbispen hev voret ute.
Det hender i dei greidaste Saker.
Lønings- og Pensionskomiteen gjekk
her um Dagen sund i ikkje. mindre
enn 3 Stykkje endaa i ei so endefram
Sak som den um Pensjonarne til Ja-
kobsen og Velde.
D. v. s. Høgremennerne visste
naturlegvis, kva dei vilde. Høgre-
mennerne kann sin Politikk. Det
var dei liberale, som kløyvde seg sund
og tøvde seg burt, — her som all Tid.
Ein einaste Mann stod fast er det
sagt, — aaleine mot alle dei andre.
Denne Mannen var... Søren Jaabæk?
Nei. Ikkje eingong Søren Jaabæk.
Den som stod fast, var Nils Jul.
Nils Jul stod fast. Han hadde
alle imot seg, Høgremenn, ”Slingrings-
menn”, Vinstremenn. Men han firde
ikkje. Og tilslutt var det ein av dei
andre, som forstod, at Nils Juli denne
Saki, nok var den einaste, som hadde
politisk Takt. Soleids kom det til aa
staa tvo Vestlandsbønder saman um.
aa foreslaa full Pension til Velde og
Jakobsen: Nils Jul fraa Halsnøy, og
Ueland fraa Dalarue.
Dei andre liberale foreslog at Thin-
get skulde knipa litt av for Velde
og Jakobsen.
Velde hev som Lensmann tent 1700
Kr.*); for honom skulde Thinget knipa
av 200 Kr. Jakobsen hev som Kap-
tein havt Kr. 2400; han skulde her-
etter berre hava Kr. 2000.
Velde og Jakobsen hev misst sine
Embætte, fordi dei gjorde det, som
Thinget hadde paalagt dei; no vil Ark-
tander og dei andre Kararne. at Velde
og Jakobsen skal bøta for dette! - Dei
skal bøta, fordi dei hev gjort si Plikt,
bøta, fordi dei hev voret med og hal-
det uppe Storthingets Æra og Folkets
Rett, — betala ei aarleg Mulkt for
det! —
Kvi foor dei so dumt? Kvi gjorde
dei ikkje som Gregersen? Kyi leet dei
ikkje Regjeringi faa sin ”Kommissions-
krig? fram og Storthinget gjera ”Fia-
sko?” — Hadde dei gjort det, so hadde
dei ikkje aaleine fengje havt Embætti
sine, men dei hadde fengje Takk og
Fortenest attpaa, og Storthinget hadde
ikkje sagt eit vondt Ord til dei for
det! Men fordi dei foor fram som
Menn og ikkje som Kaptein Greger-
sen, og fordi dei trufast heldt ut i ein
vigtig politisk Strid til Vern for Fol-
kets Rett og for Thingets Æra, — di-
for skal dei no betala Mulkt, dersom
dei Herrar Arktander m. fl. fær raada.
Make. til Politik veit me ikkje av
at me hev set. Det er eit Meister-
stykkje av Baglerbisp-Statskunst.
Paa slike Vilkaar skulde altso
Thinget taka imot Menns Hjelp, Upp-
ofringar og Arbeid! Thinget skulde
lata Menn ofra Livsstillingar og Inn-
komur og Strævy og Arbeid tor aa tena
det og stydja dess Rett mot ei faarleg
Aagangs-magt, — og so skulde Thinget
etterpaa lata desse Mennerne tapa
Pengar paa Saki!
Ei Statsmagt, som gjorde slikt,
maatte ha uppgjevet seg sjølv. Stor-
thinget vilde fraa den Stundi staa som
utskjemt for heile Landet.
— Men dei 4 liberale Herrarne av
Pensjonskomiteen hev nok ikkje Sans
for slikt. Serleg skal Formannen, Hr.
Arktander, ha arbeidt sterkt for aa
faa Pensjonarne nedsette.
Hr. Arktander finn, at det i Aar
gjeld um aa spara paa alle Kantar,
so bør Storthinget knipa paa Ære-
skillingen og. Men samstundes finn
Hr. Arktander, at t. Eks. til Univer-
sitetsbiblioteket hev Thinget Raad
til aa bevilja, ikkje berre det Regje-
ringi hev kravt, men meir til!
Det er ein forunderleg Politik! —
Spør alle Nationalforsamlingar og alle
skikkelege Folk i Verdi, og høyr, om
det finst nokon annan enn Hr. Ark-
tander fraa Nordland som meiner, at
det gjeng an aa knipa paa Æreskil-
lingen, so lengje det finst Mynt i
Kassa elder Mynt aa faa, — og eg
tenkjer dei skal ikkje turva spyrja
uppatt.
*) Av ei Misrekning var det i Sverdrups
Forslag sett upp 2000 Kr.
Som sagt: dei 4 liberale Herrarne
i Pensjonskomiteen vil, at Velde og Ja-
kobsen heretter skal bøta resp. Kr.
200 og Kr. 400 kvart Aar, solengje dei
liver, fordi at dei stod fast paa Stor-
things- og Folkesida i det svære poli-
tiske Basketaket i 1880.
Dei 4 liberale. Herrarne vil at Stor-
thinget skal segja til alle Landsens
Embættsmenn, som héretter vert elder
kann verta Thingmenn, at kjem dei
eingong i den Klemma, at dei maa
velja millom Folkevilje og Regjerings-
vilja, millom Storthing og Ministerium,
— so bør dei altid halda seg til Mini-
steriet; for gjer dei det, so fær dei
baade Takk og Løn; men held dei seg
til Thinget, so fær dei — sure Minur
og Mulkt!
Det er paa den Maaten, Thinget
skal ”styrkja si Stilling” i Nasjonen
og gjera seg vyrdt av baade Venner
og Motstandarar. Det er paa den
Maaten Ein skal halda Frihugen uppe
baade hjaa Fmbættsmenn og annat
Folk. Gud fri oss for slik ein Armods-
Politik! me segjer ikkje meir.
Dersom det endaa var nokon Sumr
det galdt! Men aa knipa inn 600
Kr. um Aaret paa ei Bevilgning, der
det gjeld Storthingets Æra og heile
politiske Magt, — det vert daa so alt-
for jammerleg smaatt.
Naar det gjeld Pensjonar til Ém-
bættsmenn, som i alt sitt Liv ikkje
hev gjort annat enn aa sitja i eit Em-
bætte og gjera sin Skyldnad mot god
Betaling, — daa gjeld det for ”pent”
og ”moderat” og ”nobelt” aa gaa So
høgt med Pensjonen som mogleg. - Daa
er ikkje Hr. Arktander so rædd for
aa. vera med paa store Tal og høge
Summar.
Men naar det gjeld Pensjonar til
Menn, som hev misst Embættet sitt av
politiske Grunnar, d. e. fordi Regje-
ringi vil Storthingets Magt og Rett
til Livs. daa skal det vera ”pent” og
”moderat” og ”nobelt”— aa knipa av
600 Krunur.
Og det er ”liberale” Menn, som
gjeng med paa dette! Menn, som *
Folket ut yver Landet set si Lit til!
Menn, som just no skulde vera faste
som Fjell og støe som Staal paa au
gjenomføra Storthingets store Kamp!
”Me maa ikkje gjera eit einaste
Mistak meir,” sae Sverdrup ifjor. Det
ser ut til, at Hr. Arktander trur seg
visare enn Sverdrup. . fallfall synest
han ikkje aa vera so rædd for aa gjera
Mistak. — ;
Men dei fleste vil segja, at Sverd-
rup nok likevæl hev Rett, og at Menn
som Hr. Arktander vilde gjera væl 3
aa leggja Merke til, kva Johan Sverd-
rup meiner!
Regjeringsforslaget til ny Mer-
skipnad.
I 1856 hadde me ein unionel Mili-
tærkomissjon, som sette fram nokre
”Grunnsetningar” til Herskipnad for
Norig og Sverike. Etter desse var
det Meiningi aa faa Herstellet meir
likt i baae Riki; og samstundes var
Samrøringstanken ute og gjekk. %o-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>