Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
190
Fedraheimen.
3dje Desbr. 1881.
Tartuffe
(som fingrar Halskniplingarne hennar).
Den Knipling den er ret merkverdig, synest meg,
So høgt, som Kunsti stend no, det er undarleg. ’
Til slik ein fager Pynt ein aldri kann sjaa Make.
Elmire.
Ja, det er sant. Men lat oss tala litt um Sake!
Dei segja no, min Mann kom med Valere paa Kant
Og vil gje Dotter si til deg. Seg, er det sant?
Tartuffe.
Han hev vel rødt um det. Men naar eg ret skal
skrifta,
So ynskjer eg kje no med henne meg aa gifta.
Det er ein annan Skatt, mit Hjarta dreg til seg;
Det er eit annat Band, som fast no binder meg.
Elmire: :
Det kjem av det, at du mismeter Heimsens Lukka.
Tartuffe.
Mit Hjarta er kje Stein, det driv meg til aa sukka.
Elmire.
Til Himeln stend din Hug, ’so vidt eg skyna kann;
All Heimséns Heppnad du kje meter minste Grand.
Tartuffe.
All Kjærleik, den, som oss til Himelns Vænleik
binder,
For jordisk Kjærleik den oss ikkje legger Hinder:
Med Hug mot Himeln vendt, for Heimsens Faafengt
tapt,
Eg gled meg i den Vænleik, Himeln sjølv hev skapt.
Den Vænleik gjev sit Skin mest hjaa den fagre
Kvinna,
Og allebest hjaa deg eg kann den Vænleik finna.
Den Fegra, som eg ser uppa di Aasyn lagt,
Den fjetrar Augat, den held Hjartat fast med Magt.
Naar eg din Skapnad ser, daa legg eg saman
Hender,
Og Lov og Takk og Pris til Skaparmannen sender.
Av heilag Elskhugsvarme Barmen min den brenn,
Naar eg hans Bilæt ser, som paa dit Andlit stend.
Eg tilstend nog, at eg i Fystonne vart bange,
For at meg Djævelns List i Snara vilde fange;
Tidt tenkt" eg ved meg sjølv, eg bord” ei paa deg sjaa,
At ei av det eg maatt” i Sjæli Freisting faa;
Men no, mi fagrast Fru, min Elsk eg tarv kje temja,
No veit eg, at den kann’med heilag Sømd seg
semja, —
At utan minste Skuld den rein og heilag er,
At eg forutan Otte deg kann hava kjær.
Det vaagalt er av meg, naar ærlegt eg deg byder
Eit Hjarta, som kvart Ord og Aalægg av deg lyder.
Din Godhug den kann eg aaleine stola paa;
Eg inkje av meg sjølv, av deg eg alt vil faa.
Av deg eg vonar alt, mi Bøn til deg eg vender.
Mi Lukka, Sut og Sorg — alt ligg i dine Hender.
Um eg al Heppa, Hugnad, Lyst og Fagnad fær,
Hell Hugverk, Tap og Tjon, — alt i di Magt det er.
Elmire.
Det, lyt eg segja, var ei fager Elskhugs Røda.
Men det forstøkkjer meg, at du deg veld slik Møda;
Ja min Forstøkknad her den verte nokot stor.
Du borde vara deg og vakta dine Ord;
Du er ein gudleg Mann, som slikein Folk deg
kjenne...
Tartuffe.
Ja, um eg gudleg er, eg endaa er eit Menne;
Og naar vaart Auga fær ein himelsk Vænleik sjaa,
Den griper Hjartat, so det heng seg fast derpaa.
Du tykjer væl, eg talar som ein unge Bengjel;
Men eg eit Menne er og difyr ingjen Engjel.
Og um mi Tala du væl strengt no døma maa,
So vil din Vænleik same Domen av deg faa;
For daa din fagre Glans eg fyste Gong fekk skoda,
Du som ei. Dronning yver all min Hug fekk raada;
Eg vann kje standa mot ditt blide Augnelag,
Som drog min heile Hug til seg med sterke Drag,
Som hev min Fasta, Bøn og Taaror yvervunnet,
At i dit Ynde eg hev all min Fagnad funnet.
So mangei Gong eg Sukkar heve til deg sendt,
Men fyste Gong med Ord det no vert til deg vendt;
Eg stolar no paa deg, eg klagar og eg klynkar
Og vonar, at du meg, min arme Stakkar, ynkar,
Er du so hjartansgod, at du meg gjever Trøyst
Og lækjer Saari mi med di ovmilde Røyst,
So skal mi Sjæl og Sinn eg deg som Offer giva
Med Hjarta, Hug og Heil, so lengje eg maa liva.
Du tarv kje ottast, at vaar Venskap gjeng for nær
Di Æra, so det deg til Last og Lyte er;
For eg er tagall, — ei lik desse fine Karar,
Som skrøyter av sin Kjærastflokk, i Kongens Gardar.
Hev dei ein Kvenmann fyrst i Snara fengjet fast,
Dei briska seg av det, dei hava gjort slikt Kast;
Dei skjemmast ikkje for det Altar aa vanæra,
Der det var ofrat, som deim heilagt borde vera.
Men annorleis det er med den, som stend som eg,
Han agta maa sit Ord, han vara maa sin Veg;
Og just den Umhug, eg maa hava fyr mi Æra,
Den gjer, at ein sin Elsk so trygt til meg kann bera.
Difyr me nøra kann vaar Elskhug traust med Trygd
Forutan Skade paa vaar Æra og vaar Dygd.
Å Elmire.
Eg heve høyrt paa deg; eg maatte berre tegja.
Du Kunsti heve lært, det fær eg reint ut segja.
Men tykjer du kje, at det vaagalt vera kann,
Um eg fortalde um den Elsken til min Mann?
Trur du hans Venskap daa med deg kan halda Prøva,
Um du fraa honom vil med Elsk hans Kona røva?
Tartuffe.
Eg veit, du er for klok og dertil alt for snild,
Til at min Vaagnad du so mykjet refsa vil.
Eg vonar, at du mine Veilor vil orsaka;
Og um dei saara deg, du ingjen Hemn vil taka;
Avdi din Vænleik bøygja maa dit eiget Sinn;
Og fødd av Adams Ætt, eg er for den ei blind.
Elmire.
Det kunde henda ’seg, at ein for slikt vild klaga;
Men eg av Klogskap skal det annorleides laga;
Ei minste Ymt av meg min Mann um det skal faa,
Men her eit Vilkaar er, som eg deg setja maa:
Det er, at du din List og dine Knip skal enda,
Dermed du vil Valere fraa Mariane venda,
Og at du gjeve upp no strakst di vonde Magt,
Som yver alt vort Hus til Spott og Skam er lagt.
Og:
Fjorde Mötet.
Damis. Tartuffe. Elmire.
Damis.
(som kjem fram or den litle Sidekoven)
Mor! nei denne Sak skal fram, det skal eg lova!
Eg høyrde paa kvart Ord, for eg stod der i Kova.
So god no Himeln er mot meg, at her eg kann
Slaa ned all Høgferd no hjaa denne Kjeltringsmann,
Som stend i Veg fyr meg; min Hemn han skal faa
kjenna,
For at min Far fraa meg han med sit Skrymt vil
venda.
Det vert no openbert, kva denne er for Fyr,
Som tala tor til deg um Flskhugs Æventyr.
Elmire.
Damis! Far ei so fort avstad! det kunde henda,
Han fraa sin vonde Veg vil paa det Vilkaar venda,
Som eg gav honom; eg min Lovnad halda vil;
Og gjera Staak av slikt, det inkje batar til.
Slikt Elskhugssnakk som det er berr” til Laatt og
Løgje;
Strakst plaga Mann med slikt det vøre til Misnøgje.
Damis.
Du dine Grunnar hev, som best kann synast deg,
Men mine Grunnar eg hev, som er best for meg,
Det vøre Skam, um eg den Skarven vilde skona,
Hans Høgferd og hans Skrymt kje syna fram og tjona;
For lengje hev eg set, — magtstolen i min Barm —
Han skjemmer ut vaart Hus; eg difyr svell af
Harm.
Med List og Lygn og Svik han styrer no min Fader,
Meg og min Ven Valere i alle Ting han skader.
Men eg no vonar, at si Magt han missa maa;
Meg Himeln gjev, at Rett eg kann paa honom faa.
Eg hev no faatt ein Kans, den vil eg ikkje sleppa.
Det vilde vera Skam, um eg no let den gleppa;
Um eg no let den Kans meg utor Hender gaa,
So var eg inkje verd den atter meir aa faa.
Elmire.
Damis! ...
Damis.
Orsaka meg! eg maa mit Forset fylgja,
Og eg er glad for det, eg kann det ikkje dylja;
Aa tala meir um det, kje gagnar minste Grand,
Eg ei for nokon Ting mit Forset brigda kann;
Eg lengtar til, eg kann no Hemn paa honom taka,
Ei Æra for ein Skilling liva han tilbaka.
Femte Mötet.
Orgon. Elmire. Tartuffe. Damis.
Vælkomen hit, min Far, no vil eg utan Sut
Paa standand Fot ei Sak her for deg greida ut.
Her stend ein fagna Mann, som i dit Hus du eler!
Du um hans Dygder stødt so mykjet godt forteler,
No fær du Takk fyr alt! Høyr no korleis det heng !
Han no paa Friarfot her til di Kona gjeng.
I Sidekoven løynd eg alt fekk sjaa og høyra,
At um sin Elskhugs Brand han kviskrar hoi Øyrat.
Men um Stjukmoder mi, som er for god og snild
Til deg aa plaga med slikt Snakk, vil tegja still,
So vil um slikt eit Brot eg aldri tagall vera.
Den Skarv bør Refsing faa, som krenkjer dykkar
Ara.
Blmire.
Eg synest helst det eg, ein spara bør sin Mann
For alt slikt Tøv, som ei det minste gagna kann.
Den rette Dygd, Damis, kje berre ligg paa Tunga,
Men den maa ha si Rot i Hjartat og i Lunga.
Det er mi Meining: Um det Tøy du borde tagt,
Og helst um heile Saki ikkje nokot sagt.
Sette Mötet.
Orgon. Damis. Tartuffe.
Orgon.
Er dette mogelegt? Kann eg no tru mit Øyra?
Tartuftfe.
Ja, Broder, eg ein Brotsmann er, no fær du høyra,
At eg ein Syndar er af alleveste Slag,
Og stor Forbrjotar var i kvar min Livedag.
Min heile Livnad den i Syndsens Skarn er eltad;
I vonde Lysters Pøyl eg hev meg altid veltat.
Eg ser, at Himeln, som mi Synd no refsa vil
Og døyda den, hev naadigt sendt meg detta til;
Og um dei tru, dei kann i slike Brot meg gripa,
Bg vil kje freista paa faa frelst meg or den Knipa.
Tru alt dei segja! refs i rettvis Vreide meg!
Og jaga meg, min Skarv, or Huset burt fraa deg!
Di ingjen Urett kann meg slik ei Refsing vera,
At ikkje mine Synder endaa større era.
Orgon.
(til Damis, sin Son)
Fy! din Forraadar! fy! kva vaagar du for meg
Aa klandra Mannens Dygd! Eg agtar ikkje deg.
Damis.
Kva. Far? Kan denne Skarv med heilag Mine ville
Og narre deg? ...
Orgon.
Halt Munn din, Skarvegut! Tig stille!
Tartuffe.
Aa lat han tala ut, og høyr paa han, min Bror!
Kann henda. finn du daa, han segjer sanne Ord?
For aalitsam mot meg bør du slettikkje vera!
Veit du væl, kva Slag vondt eg er i Stand aa gjera ?
Du ser min ytre Ham, er det paa den du trur?
Er du so viss paæ det, kva i mit Hjarta bur?
Det ytre Skin er slikt — det fær ein ofta røyna —
At det ein Kjeltring kann med heilag Maska løyna.
Um heile Verdi meg for heilag halda kann,
Det ingjen Sanning er; eg er ein laake Mann.
(Han vender seg til Damis.)
Og du, min kjæreSon, kann kalla meg ein Stakkar,
Ein Tjuv og Kjeltring og ein Røvar og ein Rakkar
Og verre Namn endaa, eg kjennest ved det plent,
Og eg skal vedstaa det, eg hev det væl fortent.
(Han fell paa Kne for Damis)
Eg her paa mine Kne med Sukk og Klaga stender.
Som Refsing for mi Synd all denne Skam meg hender.
(Meir).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>