Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
Fedraheimen.
: 1lte Februar 1882.
eit slikt ”Martyrium”; men vil du enno
vera eit kristent Blad, so skal du vist
faa god Studnad” o. s. fr.
So skreiv Pastor Asperheim til oss
ifjor. Me forstod desse hans Ord so,
at han vilde hava ”Fedrh.” til aa bera
upp Merke elder taka Parti i den re-
ligiøse Striden, "taka det religiøse
Spursmaalet upp paa Programmet”.
Men no segjer Presten, at det hev han
ikkje meint. Ja-ja, lat det vera godt,
- Men dersom Presten ikkje hev meint
det, — so maa Presten vera nøgd med
den Utgreidingi, me gav i Nummer 1!
Er Presten ?kkje fornøgd med den
Utgreidingi, so kann ikkje me faa ut
annat, enn at han vil me skal skifta
Program, han kann no segja kva
han vil.
— For det skulde daa væl aldri
vera Meiningi, at Presten, naar han
talar um ”Fedrh.”, meiner den Mannen,
som til dessa hev styrt ”Fedrh.”, og
at han vil hava denne Mannen til aa
stiga fram i Bladet og kunngjera for
Nasjonen si personlege Tru?
Aa nei væl. Det vilde vera altfor
galet. Det vilde vera reint meinings-
laust, og det av den gode Grunnen,
at ”Fedraheimens” Bladstyre er —
namnlaust. Og kvifor er ”Fedrh.s”
Bladstyre unemnt? Jau, for aa visa,
at det ikkje er Meiningi, at ”Fedrh.”
skal vera eit personlegt Organ elder
Einmannsblad. Det kunde vera mange,
som vilde tru, at naar Hr. N. N. tok
til med eit ”Maalblad”, so var det
Hr. N. N.s Meining aa skapa ein ny
”Døl” elder eit nytt ”Fram”, der denne
eine Mannen, Hr. N. N., vilde leggja
seg sjølv fram heil og halden, med
alle sine Tankar og Meiningar um
alle Ting, baade i Himmelen og paa
Jordi, til Hugnad for alle, som måatte
lika aa lesa det. Men no var det just
Meiningi, at ”Fedrh.” ikkje skulde vera
eit slikt Blad. ”Fedrh.” skulde vera
eit Partiblad, d. v.s. eit program-
styrt Blad, eit Organ for Maalmanns-
flokken i Landet, og Bladstyraren
skulde ikkje vera annat for ”Fedrh.”
enn vanlege Redaktørar er for van-
lege Partiblad; han skulde med andre
Ord ”styra” Bladet, ikkje skriva det.
Til Merke paa dette var det, at Blad-
styraren leet vera aa setja Namnet
sitt paa Bladet. Og han held paa
med dette enno, og vil halda paa med
det, til dess Folk hev vant seg av
med den Trui, at eit ”Maalblad” ende-
leg skal vera ein ”Døl”, d. v. s. ”ein
Mann og ikkje eit Blad,” som Vinje
sagde. Maalmennerne er ikkje lenger
tente med eit slikt Einmannsblad;
dei maa hava nokot meir aalment, eit
Partiblad, eit vanlegt, fritt Diskus-
sionsblad, og det er eit slikt, ”Fedrh.”
vil vera. Og difor er det, at det maa
hava eit ”Program”. Dette Program-
met maa vera slik stellt, at det kann
samla so mange av Maalmennerne som
mogeleg um seg, og difor maa det
ikkje innehalda for mange Ting, og
serleg maa det ikkje innehalda det
- religiøse Spursmaalet, daa der i Maal-
mannsflokken finst mest alle Slags
Tru, fraa Katolisisme til Fritenkjar-
skap, so at dersom ”Fedrh.” tok Parti
i denne Saki, so vilde det ikkje faa
Rom for annat enn for religiøs Strid;
og daa vilde det verta wuleselegt for
mest alle og kunde ingenting gjera
for den Saki, det fyrst og fremst
skulde hjelpa.*) Og naar ”Fedrh.”
altso er eit slikt Blad, so fær ikkje
Bladstyraren stort aa segja personlegt;
han er berre den, som skal sjaa etter,
at Bladet gjeng sin Gang, og at det
— held seg etter Programmet. Endaa
det han sjølv skriv, er programbundet,
likso væl som det, andre Innsendarar
skriv, og dei Meiningarne, han kann
hava um Spursmaal, som ligg utanum
Programmet, vedkjem ikkje Bladet i
minste Maate. Gjer han seg til aa
forkynna slike Meiningar i Bladet, so
er Programmet sprengt, og so vilde
”Fedrh.” paa nytt verta eit Einmanns-
blad.
Difor vilde det vera meiningslaust
av Asperheim aa spyrja etter Blad-
styrarens personlege Tru, naar han
vilde vita, ”kor han hadde ”Fedrh.””
Den Bladstyraren, som stend i Dag,
kann gaa i Morgo, og der kann koma
ein Bladstyrar att, som hev reint an-
dre Meiningar i Trui; men: ”Fedrh.”
vil vera same Bladet like fullt, — so
lengje det ikkje skifter Program.
Degfte er Ting, som det kann vera godt
er sagde; det er mange, som ikkje
hev havt Greida paa dei.
Altso, Hr. Pastor! eit av tvo: vil
De ikkje, at ”Fedrh.” skal skifta Pro-
gram, so maa De vera nøgd med Ut-
greidingi i Nr. 1; for der hev De
Programmet klaart og greidt, slik som
det fraa fyrst av i dei store Drag var
tenkt, og slik som det gjenom fem
Aars Røynd hev fest seg alt klaarare
og klaarare for Bladstyraren; — men
er De ikkje fornøgdmed det, so vil
De hava nytt Program, anten De so
sjølv veit det elder ikkje! —
Men det nye Programmet kjem
ikkje, so lengje ”Fedrh.” er vaart
einaste Maalblad.
Hr. Asperheim forklarari Nr. 4, at
naar han krev, at Bladet ”skal staa
paa kristeleg Grunn”, so meiner han
dermed, at det paa den eine Sida skal
lata vera aa ”gjeva Kristendomen vonde
Ord”, og at det paa den andre Sida
skal halda burte alt det, ”som i seg
sjølv er Kristendomen imot.” Herre
Gud, Hr. Pastor, det var just det, me
sjølve sagde i Nr. 1, det var just paa
den Maaten, me forklarad Program-
met! ”Bladet skal visa Kristendomen
Vyrdnad og ikkje innehalda nokot,
som gjeng imot den”, — so fall Ordi.
Og me gjekk endaa vidare. Me sagde,
at me ikkje aaleine negtad Fritenkjarar
aa skriva slikt, som gjekk Kristen-
domen imot, men at me paa den an-
dre Sida gav dei Kristne ”fritt Lov
til aa skriva kristelegt i Bladet”. Og
endaa er ikkje Pastoren fornøgd? Nei;
det ser so ut.
*) Pastor Asperheim talar so lettvist um
”Martyrium.” For Bladstyraren person-
legt vilde det vera eit lett Martyrium,
um Tingararne gjekk sin Veg; — men
Pastor Asperheim vil kanskje kunna
tenkja seg, at der er nokot, som heiter
Andsvarskjensla (ikkje Rædsla for Straff
men Kjensla av Andsvar for Sak), og
at den. kann binda ein Mann fast til
eit Arbeid, endaa um dette er baade
surt og — ulønt.
Det er sannt, segjer Presten, at
me ikkje gjev nokon Lov til aa skriva
imot Kristendomen. Men me prentar
stundom eit og annat, som i seg sjølv
gjeng Kristendomen imot, meiner han.
Og som Døme nemner han paanytt —
Diktet ”Livsnjoting”.
Um dette Diktet kann me visa til
det, som ein Innsendar i Nr. 2 og 3
skreiv. Sjølve vil me leggja til, at der-
som Pastor Åsperheim ein Sundag vil
tala i Kyrkja mot Vantrui, so vil han
etter vaar Meining ikkje kunna gjera
nokot betre enn aa taka Diktet ”Livs-
njoting” med seg upp paa Stolen og
lesa det upp for Kyrkjelyden sin, slik
som det stend; — naar han so hev
gjort det, so kann han berre segja
som 80, at ”dette er altso all den Trøyst,
som Vantrui kann bjoda ein arm
Syndar, naar han ligg og skal døy!
Og alle, som i Kyrkja er, vil krossa
seg av Rædsla og beda Gud fri seg
for Vantrui.
Det aa skildra endefram, korleis
ein Heidning døyr, — det er daa væl
ikkje nokot, som ”gjeng Kristendomen
imot?! Alra minst, naar Skildringi er
slik, at ho snarare skræmer ifraa enn
lokkar til!
Og so skal me dessutan nemna ein
annan Ting. Ei Tid etter at ”Livs-
njoting” stod i ”Fedrh.” stod der i
same Bladet eit annat Dikt (”Kopar-
Lars”), som viste, korleis ein farm
Syndar døyr, naar han hev Kristen-
domen aa halda seg til. Og dette
Diktet skræmde ikkje ifraa! Det viste,
kor sælt og trygt endaa den største
Årmingen kann døy, naar han slær si
Lit til Kristus. Kor hev det seg, at
Pastor Asperheim ikkje nemner dette
Diktet? Han synst daa hava leset
”Fedrh.” med stor Umhug —? For
det er visst, at dersom Ein av Diktet
”Livsnjoting” kann slutta, at ”Fedrh.”
er ukristeleg, so maa Ein av Diktet
”Kopar-Lars” likso tryggt kunna slutta,
at ”Fedrh.” er ”kristeleg”! Men for-
underleg nok —: Pastor Asperheim
hev ikkje havt Bruk for aa nemna
dette Diktet!
Derimot nemner han ein annan
Ting. I 1878 skreiv Arne Garborg
ber i Bladet eit Ettermæle yver Peter
Hærem. Me heviikkje Stykkjet med
Haandi, men me vil minnast, at For-
fattaren em Stad sagde som so, at
han aldri hadde kunnat forstaa, kor-
leis Hærem med sitt kristelege Syn
fekk Kristendomen til aa høva ihop
med det menneskelege; kannhenda,
lagde Forf. til, var der ingen Saman-
heng (i Hærems Syn paa dei tvo Ting).
Dette vil Asperheim no faa til aa
vera eit Utfall mot Kristendomen.
Men so fortel han det rigtignok paal| —
den Maaten her ”Styraren (av
”Pedrh.”)sa1i Ettermælet til P. Hærem,
at han (Styraren) ikkje var stød um,
at det humane og det kristelege sam-
høyde” — Det er ille for Pastor
Asperheim, at han skal koma med
slikt. For det gjev eit altfor sterkt
Inntrykk av, at Pastoren berre er
gjengen ut paa — Kjættarjagt.
Um dei andre Ting, Hr. Asperheim
bar upp imot oss i sitt Stykkje
ifjor, skal me visa til Innsendaren i
Nr. 2 og 3, som me i mangt er sam-
stellte med, og so til eit Stykkje *Pa-
stor Åsperheim og *Fedraheimen**, som
kjem i næste Nr.
Stortinget hev til dess mest havt
Komite-Arbeid. Skattelogjer er fram-
sett av Sverdrup (slik som fyrr) og av
Regjeringi. Valkomiteen hev sett desse
15 til aa gjera Innstelling: Aschehoug,
H. Bentsen, Enge, Jebsen, Hektoen,
Hirsch, Kolbenstvedt, Lindstøl, Løberg,
S. Nilsen, Qvam, S: Å. Solberg, Svend-
sen, J. Sverdrup, Welde.
Kongen og Dronningi kom idag.
Kronprinsen Kronprinsessa skal
koma imorgon. Der er stor Tilstelling
i Byen til aa taka imot deim. Re-
gjeringi hev sett fram Forslag um
80,000 Kronors Åarsløn til Kronprinsen
i Aar og.
og
Högrefolket tenkjer no pan aa faa
leggja Kristiania Arbeidersamfund under
seg. Der er i Samfundet innmellt 800
ved Lae etter Nyaaret, derav er visst
berre faae frilynde.
14 folkevæpningssamlag hev havt Møte
her i Byen. 0. Five vart Formann i |
Rikslage. Dei vil beda Stortinget um
1500 Kronor til kvart Samlag.
Hissionsbisp Schreuder døydde den 3
Februar, 65 Aar gamal.
Presten Peter Blessing i Stavanger er
og daaen.
I Harknaden denne Vika hey det vore
godt Ver, so ein 4—5 Graders Kulde,
men ikkje Føre. Der hev vore Handel
med Sukkergodt, Honningkakor, Leike-
stell, Jarnsaker, Kjøyregreidor og Hestar,
Av dei siste var det mange; Prisen som
fyrr.
Svære Stormar hev i Finmarki øyde-
lagt mykje baade paa Land og Sjø.
Mange Fiskarar hev mist Baatarne sine,
so dei hev ikkje poko aa koma paa
Sjøen med og tena seg Livs Upphelde.
Di hev Riksraad Holmboe (som lenge
var Amimann i Finnmarki), Amtmann
Blackstad og Bisp Smitt sendt ut Upp-
manine til aa gjeva Pengar til deim,
sp dei kann faa seg Mat og nye Baatar.
Lysingar.
Ved Vonheim
haldes skole for voksne gjenter 3 månader,
begynder i6de mai eftmdd.. For skolen be-
tales kr. å om måneden; men de, som ind-
sender ansøgning med vidnesbyrd om trang,
kan fritages for disse. Hus og kost er at
få for kr. 16 mndl. Lagen og håndklæder
må medtages, helst også sengklæder, halvten
til dobbelt seng; ellers betales derfor kr. 4
for hele tiden. Gjenterne maa hjælpe til i
huset. Lærere er I. Bøhn og M. Skard;
Chr. Bruun holder foredrag i gjennemsnit
mindst engang omugen. Fn lærerinde vei-
leder i håndarbeide; det er nyttigt at med-
bringe tøi, som ønskes klippet og syet. Ind-
meldinger inden iste mai til Bøhn, Foldbu
ved Lillehammer.
Fit eksemplar tå Å. Vangs ”Reglo o
Rispo frå Valdris”, o eit tå ”Segner frå Byg-
dom 1”, kjøpest gjedne te dubbelt pris av
Olav Semeleng, v. Slidre.
— Udkommet er:
Hans Nielsen Hauge,
et Livsbillede fra Norges nyere Kirke-
historie. Ved Olaf Røst, 1768. Pris
I Krone, i Posten Kr. 1.15.
Tingere paa ”Nordmanden”, som har
betalt Kontingent for 1882 Kr. 8.64
faa Bogen for halv Pris 50 Øre.
Nikolai Olsens Bogtrykkeri.
Torygaden 5 b.
Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>