Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
134
Fedraheimen.
26de August 1882.
sitt Vers, og Fridomen livde høgt, og
Gleda var fullkomi. Ungdomen hadde
sleget seg laus, og dei gamle haddeld
gløymt sin Alderdom. Og alt, som i
Salen var, løyste seg upp i Song. og
Laatt, og Punsen gleid ned, so smeren
han var, liksom det skulde voret
Nektar.
Endeleg laut Songen slutta. Der
reiste seg eit Havbrak av Klapp og
Tramping, fyrst fraa ein Kant, so fraa
ein annan, og tilslutt fraa lieile Salen,
og gjenom Havbraket gjekk skakande
Rop paa ”Forfatteren! Forfatteræ — n!”
tildess heile Salen ikkje var annat enn
dette eine, rasaade Ropet. Og det
varde lengje. Dei kunde ikkje trøytna,
desse unge Bringur, og det gjorde ikkje
nokot, um dei mjuke Henderne sveid
litt i Kveld. Tilslutt laut den sæle
Forfattaren fram. Det var ein ung
Gut som alle dei andre unge Gutarne;
skvatt upp paa Talarstolen, bukkad i
Hyitt og Ver og var burte att som ei
Syn. Lang Jubel; so endeleg ”Ro.” —
Fleire, som totte her var for trongt
inne, elder som hadde nok av Øyre-
døyving og Tobaksrøyk, drog seg no
ut i Hagen og Verandaen og slog seg
ned der med Punsen sin i smaae,
hyggjelege Bordsetningar. Inne i Sa-
len vart det og meir av Utskiljing.
Punsen tok til aa verma i dei unge
Skallarne, og dei fekk meir og meir
Hug til aa samtala med gode Kjen-
ningar i Trumaal. Hans Haugum og
Aslak Fjordan sat og dømde Russeta-
len, som Åslak totte var lite tess, berre
desse vanlege Talemaatarne; men Hau-
gum var forundrad yver den unge Fy-
ren, som hadde kunnat faa segja so
vidt mykje i so vidt god Samanheng
under alt dette Staaket. Daniel totte
Aslak hadde mykje Rett i det han
sagde, men heldt med Haugum. For
det var forunderlegt, at ein ung Gut
kunde hava Mod til aa stiga fram og
tala 1 so stor og kritisk ei Forsam-
ling. —
Punsen var god; Daniel vermådest.
I Fyrstningi hadde han tenkt litegrand
paa Far sin; — men det slog han
ifraa seg att; for der var daa stor
Skilnad paa aa drikka Puns i eit Rus-
selag og aa drikka Kornbrennevin
millom Bønder. Brennevinet, det øyde-
lagde sin Mann; men Punsen høyrde
med til det ideale Studenterliv.
Og det forstod han klaarare og
klaarare, di meir han drakk. Aldri
hadde han kjennt seg so god og rein,
so høgt lyft yver all Armodsdomen og
Raaskapen 1 Verdi; ja han kjende seg
so ideal, at han ikkje eingong brydde
seg um sine Pengesorger.
Den einaste Kjensla, som livde i
hans Barm, var Kjærleik, Kjærleik tii|1
alle paa Jordi, og serleg til dei, han
var saman med her i Kveld, men alra
mest, alra mest til Inga, som han
snart skulde skriva Friarbrev til —
det stakk so underlegt i Bringa, naar
han tenkte paa det —, og som han
drakk Skaal etter Skaal for i Løyn-
dom. Berta Maria vilde han ikkje
tenkja paa i Kveld; i Kveld var han
Russ, og som Russ vilde han berre
tenkja paa Idealet. —
Aa, so takksam han kjende seg
mot Vaarherre, som av si Miskunn
hadde hjelpt han fram, so at han no
— han, Bondeguten fraa Sørbraut i
Nes Sokn. — fekk smaka. denne høge
Gleda Og vera me:
var for denne eine Kvelden, i det ide-
p
ale Studenterliv! Det var samt, at
Visdomsrøterne var sure; men Fruk-
terne var søte etter Maaten, søtare
enn han i Grunnen hadde visst. —
(Meir.)
Bøker.
Norsk Lesebok elder Lesebok i
Landsmaalet. Ved Kr. M. Hægstad,
Skulestyrar, og 0. J. Bach, Lærar.
Fyrste Deilen. Namsos. 1880.
”Dei norske Bygdemaali hava fenget
eit annat Rom i Skulen no enn fyrr,”
skriv Utgjevararne 1 eit Fyreord, ”etter-
som det hev vortet paalagt, at Læra-
ren heretter skal bruka Barnet sitt
Maal, sovidt mogelegt, og Borni inkje!
skal verta upplærde til aa tala det
aalmenne ”Skriftspraak”, men berre til
aa forstaa og skriva det. Men det
er sjølvsagt, at Borni, som paa denne
Maaten berre faa Øving i aa tala
Bygdemaalet sitt, ogs9 maa faa Lesnad
i ei heimeleg Form, um Maalet deira
skal faa slik Rikdom og Fastheit, at
dei kunna bruka det til aa ordleida
seg godt frametter i Livet. Skulebø-
ker paa Landsmaalet er difyre eit rett-
komet Krav; og her hava me trutt
at me kunde hjelpa ein liten Grand
med aa gjeva ut ei Lesebok, som kann
byrja der, som Abe-Boki hans Aust-
lid slapp.
”Me hava elles tenkt aa gjeva ut
denne Leseboki i tri Deilar. — Denne
fyrste Deilen er ætlad aat Born,
som hava lært aa reinlesa; han inne-
held for det meste berre lette Lese-
stykke. Daa det er helder litet Barne-
lesnad aa finna i sjølve Landsmaals-
Bokavlen, er det myket umskrivne
Stykke fraa andre Maal i denne Deilen.
I sume Stykke hava me gjort nokre
smaa Brigde, der me trudde, at Formi
paa den Maaten vilde verta tydelegare
elder Innhaldet høvelegare fyre Borni.
— Andre Deilen kjem til aa innehalda
mest Sogo-Emne, men ogso andre Le-
sestykke or Landsmaale- Bokaylen og
sume Umskrivningar. — Tridje Deilen
vil fyre det meste innehalda utvalde
Stykke av Landsmaals-Bokavlen.”
Tanken er god; Boki er storleg til-
trengd, og som ein ser av desse Fyre-
ord, er Planen for Boki so god som
han kann vera etter det Emnet, som
her er aa taka av. Fyrste Delen —
meir er ikkjé utkomet — inneheld paa
108 Sidur 94 btykke, derav 7 av Vinje,
av Aasen, 1 av Janson, 1 av Telnes,
2 av Hans Mo, 2 av Forf. til ”Nokre
Salmar”, 1 av Kr. M. H. ; I etter
Asbjørnsen, 1 etter Jørg. Moe, 1 etter
Østgaard; 10 etter Gamalnorsk; 1 etter
Æisop; 1 etter Topelius; mange Stykkje
etter andre Lesebøker, etter engelske,
tyske, amerikanske Forfattarar, etter
Folkevisur, Segnsamlingar og Barne-
bøker. I norske Segnsamlingar kunde
der hellest visst voret meir aa finna,
— Segner um Kjempur, Bjørne- og
andre Dyresogur o. s. fr., just slikt,
som Smaaborni likar aa lesa; — og
um. det 80 berre
norske Segnsamlingar hev me no ein
heil Brote av.
Maalet i Boki. er godt og 1ivfullt;
Stykki er høvelege baade i Innhald’
og Lengd. Det einaste, som ein kann
hava imot henne i Maalvegen er, at
ho i einkvar Tingen er ”meir Aasensk
enn sjølve Aasen;” men det kjem ikkje
so mykje fram her, — og vilde Hæg-
stad og Bach gjera Boki aalmennt
brukeleg, so kunde dei so lett retta
paa desse Ting i 2dre og 3die Delen.
Her er eit Stykkje til Prøve paa Maalet
i det av Boki, som er wumsett (altso
sett 1 Stil av Utgjevararne):
Smaa Hjelparar.
- ”Vesle Grasstraa,
og veks; trur du, at du kann vera til
nokot Gagn i denne store Verdi?”
”Aa ja, eg hjelper til aa gjera henne
du veks og veks
39
grøn og væn!
”Men du er daa so liten og veik!
Kor kann du gjera so store Ting?”
”Hg er fulla liten og veik; men der
er mange slike som eg; og naar me
hjelpa kvarandre, so klæda me Bakkar
og Engjar med ein grøn Duk:.”
”Ja 50, det gjerer du, vesle Straa.
Takk fyre din. erøne Duk!”
”Men du vesle Blome attmed Vegen
der, du blomstrar og blomstrar og blom-
strar; trur du, at du kann vera til nokot
Gagn i denne store Verdi?”
”Aa ja, eg hjelper til aa gjera henne
ljos og angande!”
”Men du er so liten og veik! Kor
kann du gjera so store Ting?”
”Bg er fulla liten og veik; men der
er mange slike som eg; og naar me
so straa me vakre
Liter utyver Jordi og fylla Lufti med
god Ånge.”
”Ja so,
hjelpa kvarandre,
det gjerer du, vesle Blome.
Takk fyre dine fagre Liter og din fine
Ange!”
”Vesle Regndrope, du dryp og dryp
og dryp; trur du, at du kann vera til
nokon Nytte i denne store Verdi?”
”Aa ja, eg hjelper til aa næra henne
og friska henne upp!”
”Men du er so liten og veik! Kor
kann du gjera so store Ting?”
”Bg er fulla liten og veik; men der
er mange. slike som eg; og naar me
hjelpa kvarandre, halda me Åaker og
Eng, Tre og Busk og Blom, altsaman
friskt og grønt.”
”Ja so, det gjerer du, vesle Regn-
drope. Takk fyre di uppfriskande Væta!”
”Men du, vesle Solstraale, du skin
og skin og skin; trur du, at du kann
vera. til nokon Nytte i denne store
Verdi?”
”Aa ja, eg bjelper til aa fylla henne
med Ljos og Gleda!”
”Men du er daa so liten og veik!
Kor kann du gjera so store Ting?”
”Eg er fulla ein liten og veik Straale;
men der er mange andre umfram meg;
og naar me hjelpa kvarandre, fylla me
Verdi med Ljos og Gleda.”
”Ja so, det gjerer du, vesle Straale.
Takk fyre ditt væne Ljos!”
”Vesle Grasstraa, vesle Blome, vesle
Regudrope, vesle Solstraale, De læra
meg ein god og nyttig Lærdom! Eg
vil ogso prøva aa gjera Verdi ljos og
vakker! Med vinlege Ord, med kjærlege
med alltid aa vera lydig,
med alltid aa balda Ord vil eg prøva
Gjerningar.
te) p
meg.
’av Heimssoga.
aa gjera det vænt og godt umkring
Og um eg berre er eit litet og
veikt Barn, so er der mange andre slike
som eg; og dersom Vaarherre vil hjelpa
oss til aa gjera det vesle, som me vinna
daa kunna me gjera denne Gradaam
Verdi til eit reint Paradis av Gleda.”
«Fraa 1789 til 1815. Eit Stykke
Kr.ia, Det norske Sam-
lag, 1882.
Tidi fraa 1789 og utetter er Grunn-
laget for heile den nyare Soga. Med
Revolusjonen i 1789 gjekk Soli upp
for den nye Tid; sidan — etter 1800
— kom Atiterslaget, som ikring 1815
(”det heilage Samband”, Wiener-Kon-
gressen) liksom fekk Yvertaket; men
kor sterkt Bakstrævet vart, so kunde
det likevæl ikkje reisa den gamle Tidi
uppatt.
Det var ein god Tanke av den væl-
gjetne Forfattaren aa taka seg til aa
skildra den Tidi. No, daa Striden
stend so hardt som aldri fyrr um
Grunnlaget for vaart Samtundsliv, vil
ei greid og samanhengjande Forkla-
ring um sjølve Fridomens Upphav koma
særlegt væl med.
Forf. upplyser nok, at ”denne Bol
er eit Hastverks-Arbeid, skrivet paa
Smaastunder, som han hev stolet fraa.
Matstrævet;” og me skal medgjeva, at
Emnet er langtifraa lett aa greida.
Men likevæl er denne Boki so god, at
ho i sann Meining maa kallast ei
Folkebok.
Ho er berre 194 Sidur stor. Men
ho inneheld so mykje, som du ikkje
finn i dei vanlege Sogebøkerne, at
du skal koma til aa undrast.
Men so rik ho er paa Stoff, legg
ho det fram i ei Form, so det vert
Forteljing og aldri daud Upprekning-
Du lærer og hev Hugnad paa ein
Gong.
Fyrst gjev bo ei Utsyn yver Sam-
funds- og Riks-Utviklingi i Millomalde-
ren. Her skildrar ho paa ein klaar
og stutt Maate, korleis Liveigenskapen
og Lensvæsenet kom upp, og korleis
desse tvo Samfundsmagterne og dertil
Kyrkja skapte og formad det millom-
alderlege Liv; du fær høyra, korleis
Tridjestandet kom upp og vaks seg
fram; korleis den nasjonale Eimskapen
sprengde Lensvæsenet og den romer-
ske Kyrkja; um Reformasjonen og kva
den verkad, baade der han vann Magt,
og i Romarkyrkja; um Einveldet og
um Upplysningstidi (i England: New-
ton, Locke, Bolingbroke, ”Deistarne;”
i Frankrike: Montesquieu — ”Aandi i
Logerne” —; Voltaire, Encyklopædi-
starne, Rousseau): Du lærer med ei
Ord aa forstaa, kva det var for Magter,
paa den eine Kanten og paa den
andre, som gjorde, at Revolusjonen
kom og maatte koma.
Sjølve Revolusjonssoga er fortald
paa ein annan og lærerikare Maate
enn du vil vera van med fraa Skule-
bøkerne, og du fær vita mykje nytt.
Stig for Stig fær du sjaa, korleis Re-
volusjonen veks fram; og etter det, du
hev høyrt fyrr, forstend du, at naar
han vart som han vart, — so var det
altfor naturlegt.
Notti den 4de August ”rauk heile
den gamle Samfundsskipnaden.” Og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>