Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fedraheimen.
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.
Betaling fyreaat.
Bit Blad aat det norske Folket.
Lysingar kostar 10 Øre Petitlinc,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
No. 39.
Kristiania den 3012 September 1882.
6. Aarg.
GE
Bondestudentar.
Av Arne Garborg.
(Framhald.)
Han gjekk ut for aa finna Folk.
Ingen var heime. Ei tung Modløysa
tok Guten; han totte han var so aaleine.
Kammeratar aatte han, men ingen Ven;
ikkje eingong Berta Maria brydde seg
um han; for hadde ho gjort det, so
hadde ho ikkje voret so mykje ute
um Sundagskveldarne. Han var ein
Fatikmanns Son og hadde Fatikmanns
Lukka; og naar det leid av ei Stund,
so kanskje svalt han ihel, elder maatte
gaa paa Arbeid. —
Han hadde skrivet til Jens Bakke 8
etter eit Tilleggslaan paa 100 Dalar
”for aa kunna taka Andre-Eksamen i
ein Fart;” og han hadde tydeleg for-
klarat, at det vilde vera til Bakkes
eigen Bate. Men vilde den Moldtræ-
len forstaa dette? Sa
Og han, som hadde tenkt aa fria
til Inga Holm, naar han vart Student!
— Åa jau. Ein Student med Haud,
utan Pengar og utan Voner, det skulde
verta Friar, det! Daa kunde Hønsi
paa -Klokkargarden kakla og gjera
Narr av han, og daa var det vandt,
um gamle Klokkar Holm baud han
med seg til Middags.
Dei gamle hadde sagt, at Fatikdom
var Synd. Det var ei avstyggjeleg
Lygn. Fatikdom var ei Ulukka,
den verste og tyngste Ulukka paa
Jordi. —
— ”Goddag Braut!” sagde Aslak
Fjordan; ”oh-oh! du gjeng ikkje fort,
du!” Daniel skvatt upp: ”Goddag, god-
dag! — Naa, kor langt skal du?” —
Aa, Aslak skulde berre upp til sin
gode Ven Student Hærland og faa slaa
i seg det grøvste av Syntaksissen,
sagde han. Det-var slik ein Traavar
i Latin, den Hærland’en; og i Morgo
skulde Aslak upp i Latin, men kunde
-— hoh-oh-oh! — kunde forsyne seg
ikkje det Grand. Huff, det var ein
fæl Bask, denne Eksamen. I Græsk
hadde han voret sjuk som dei andre
Non’istarne, og i Arithmetik hadde
han 6, so han maatte kontinuera;’ det
gjekk til Dunderen med heile Svarve-
stolen, meinte han.
Uheppen hadde han voret fraa fyrst
til sist og voret ute for altslags Fante-
skap av Professorarne. "Ja enn eg
daa?” sagde Daniel. ”Hoh! oh! oh!
men i eit Fag var eg heppen!” heldt
Aslak fram, ”og det var i Historie.”
— ”Just der var eg .. .” ”Hoh! oh!
oh! ein skulde aldri høyra slikt! Aslak
hadde sleget upp — reint blindt —
TT
sleget upp tri Stader i Verdenshistoria,
og lært dei, og meir Historie kunde
ikkje han! Daa han so kom upp, fekk
han — plent dei Stykki, han hadde
sleget upp, og han hadde fenget 1 i
Historie, hadde ikkje den Tullebukken
den Professoren komet toskande med
den franske Revolusjonen, som Aslak
ikkje kunde det Slag av. No fekk han
2, og den Karakteren kom kanskje til
aa berga heile Eksamen for han.
Aslak lo og fortalde, so han kom
i Godlag, og so kunde ikkje Daniel
helder stura lenger. Han fortalde um
sin eigen Historie-Eksamen, og det
lettad svært aa faa snakka ut. Det
gjorde merkjeleg godt aa koma uti
Lufti og Verdi att for den, som hadde
voret so lengje bokteken, og den Tyngdi,
han hadde kjennt som ei vond Klem-
ming yver Heile og Bringa, losnad og
lettad som Skodd yver Skogen.
Daa Aslak fyrst var komen paa
Lös, hadde - han ei Mengd av Eksa-
menssogur. Og Daniel vart heiltupp
modig av aa høyra, at so mange hadde
voret kleinare enn han. Tilslutt spurde
Aslak, um Daniel vilde vera med upp
til Hærland. Den Hærland’en var ein
merkjeleg Kar, sagde han, ein stor
Latinar og ein forbannad Filosoff, men!
snild Gut likevæl; Daniel heldt alt paa
aa svara ja; men so flaug Aslak. Her
var ikkje Stunder i Dag, sagde han.
Daniel ruslad utetter Vegen og var
ikkje ille i Lag. Det var daa ein
god Ting aa vera ferdig, og naar alt
kom ihop, hadde han visst voret likso
heppen som mange andre. Her ute
var fritt og fagert. Augustlufti laag
fin og blaa yver Eng og Skog, tin-
drande rein, med haustdjupe Skugger.
Det var so klaart, og alle Kantar so
godt synte, at ein kunde skilja Tre-
topparne langt uppe mot Himmelsyni.
Akersbygdi laag bleiknande og ven
med sine Aakrar og Kjelvur millom
Lundar og linde Bakkedrag, og lengst
nede glinsad Fjorden innunder Oskars-
hall, kvit i den sterke Solglimen. Men
Fjellgarden i Vest drog seg i mjuke,
fine Bylgjedrag gjenom den solklaare
Lufti som yndefull, kraftig Plastik.
Daniel saag, at dette var fagert;
— han hadde voret so lengje ifraa
det. Og Lufti her ute var som Cham-
pagne; ho gav sin Mann Mod. Skulde
han vaaga seg til aa fria? Elder skulde
han drygja, til han hadde Andre- Eks-
amen?
Ein sann Student burde vera tru-
lovad. Og det var vondt aa vera
aaleine i Verdi. Ingen var sæl, som
ikkje aatte eit varmt, trufast Hjarta,
NR
IEEE
som med kjærlege Tankar kunde fylgja
han i all hans Strid; og ein Student
utan Kjærast var som ein Dansemei-
star paa ein Fot ... Berta Maria,
stakkar, ho var snild og god; men ho
var berre Tenestgjenta; — det var
Idealet, ein maatte naa; — den som
berre hadde havt Laud . . . elder
Pengar.
Han gjekk og grublad paa dette,
til dess han endeleg kom til Lags med
seg sjølv um, at dersom Jens Bakke
sende Pengar, so vilde han fria; men
dersom Jens Bakke ikkje sende Pengar,
so fekk det vera til ein annan Gong. —
Han skulde just til aa siga ned i
sine Pengesorger att; men so hugsad
han, at ein sann Student burde ikkje
tenkja paa Pengar. Det var poetiskt
aa vera fatik; ein sann Student skulde
liva for Ideen og lata Kræmarar og
Bønder syta for Mynt og Mat.
Han- maatte hugsa paa, at han var
Student! Han maatte ikkje gaa her og
innbilla seg, at han var Skulegut og
Bonde enno!
Drøyma um sine Framtids Voner
skulde han, — um det Arbeidet, han
vilde gjera ... Det, som gjorde Stu-
denterlivet idealt, det var i Grunnen
dei store Draumarne. —
Kapellan Hirsch, og dei andre, som
hadde hjelpt han fram, maatte ikkje
koma til aa trega paa det dei hadde
gjort. Og Haugum, og Rud, og Kri-
stian Bliland, — dei maatte ikkje
koma til aa tru, at han var ein Mat-
strævar elder Filister.
I Grunnen burde han verta Folke-
høgskulelærar liksom Kandidat Meier.
Dessverre, — han maatte verta Prest;
— men so fekk han verta ein Prest
slik som Kapellan Hirsch, og hjelpa
fram unge Folk, som kanskje kunde
gjera meir godt enn han sjølv var
Kar til.
Med ein Gong hugsad han, at han
hadde gløymt aa tinga seg Duskeluva.
Daa snudde han og gjekk til Byen att
so snøgt han kunde. Det var best aa
vera trygg. Enno kjende han seg
ikkje Student, og ikkje saag han ut
som Student helder; men naar han
fekk Duskeluva, og so Borgarbrevet,
so skulde nok det greida seg. —
— Immatrikuleringsdagen kom.
Daniel Braut drog paa seg sine
svarte Klæde og sette med Andakt
Duskeluva paa Hovudet sitt. No var
han altso Student. Med bankande
Hjarta gjekk han framfor Spegilen.
No hadde ban naatt sitt store Maal;
no vilde han sjaa seg sjølv. Han ven-
tad ei Forvandling.
TETT TTS TETT
Duskeluva sat ikkje rett; han drog
henne meir ned mot det eine Øyrat.
Men endaa sat ho ikkje rett. Han
drog henne ned mot det andre Øyrat;
men det hjelpte helder ikkje. So sette
han henne midt paa Skolten; — like
nær. Han-prøvyde paa andre Maatar,
sette henne lenger bak, elder lenger
fram, litt meir paa Skakke, litt mindre
paa Skakke; men det nyttad ikkje.
Duskeluva sat ikkje rett. Ho syntest
ikkje aa høva for hans Hovud.
Daniel kolnad, der han stod. Han
prøvde paa andre Maatar; han lagde
Dusken bak, han lagde Dusken fram,
han lagde Dusken midt paa Aksli;
men det nyttad ikkje. Det vart ikkje
den rette Svingen. Og Frakken, —
Frakken sat, som alle Frakkarne hans
hadde sitet; han saag ikkje ut som
Student; han var ikkje Student;
han var ein forklædd Bonde.
Bleik og motfallen stod han og
glodde paa seg sjølv i Spegilen. Han
totte han vart seg sjølv so framand.
Det breide, godslege Andlitet hadde-
vortet langt og magert, Munnen var-
tjukk og dum, og Augo, som eingong.
hadde voret so store og klaare, hadde-
krympat seg ihop og vortet raud-
sprengde og matte, med sjuklege, tunge.
Kvarmar. Men ÅAkslerne var gruve-
og liksom nedtyngde, so han maatte
strekkja seg upp, naar han vilde naa
si fulle Høgd. Det var eit annat Syn,
han hadde set i sine Draumar, naar
han hadde tenkt paa seg sjølv som.
Student, og kald um Hjartat og med
djupt svikne Voner ruslad han avstad
til Universitetet for aa taka imot eit
Borgarbrev, som han no knapt brydde
seg um. —
Og daa han kom der upp, og saag
paa alle dei unge Bystudentarne, som
kom strjukande so fine og lette som
Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott
og fjongt, som ho skulde vera støypt
til dei, kjende han seg som ein fra-
mand i dette Laget. Han hadde berre
ei Trøyst, og den var skral: dei andre
Bondestudentarne bar for det meste
Duskeluva likso daarlegt som han. —
Festsalen var full av svartklædde,
bringekvite, fine Herrar. Det var so
det stod svalt av all denne Galla.
Der skulde Mod til aa gaa inn. Da-
niel totte, at han kom som ubeden
Mann til Gjestebods, og det kom for
han, at dei fine Herrarne saag med
Uvilje paa Bondeguten, som vilde
trengja seg inn i eit framandt Lag.
Med det same han hadde sett seg,
byrjad Festsongen. Det ljomad so
vent i den høge Hallen. So modigt,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>