- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
9

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

B'i rrt dom og ungdom. 9 tilbake for det første; men etter kvart vart. han og gripen av orda til Steffens. Det var noko heilt, nytt, han raaka paa her. Grundtvig har meir enn nokon annan hævda det store verd, „det. levende ord" har framfor det skrivne. Men han hadde ikkje lsert aa skyne dette, daa han studera. Det. var Steffens, som først opna auga hans for den magt det muntlege ord har over sjælelivet, naar det kjem fraa ein, som talar, fordi han har noko. som han vil og maa ha sagt. Steffens bruka aa skrive foredraga sine: han hadde halde ■5 foredrag, men daa han var komen inn i salen og skulde halde det ti, fann han ikkje manuskriptet. Han hadde gløymt det att. heime og so maatte han tale fritt. lian opdaga daa at dette verka paa annan og sterkare maate paa tilhøyrarane og heldt fram ined aa tale fritt. Dette gjorde inntrykk pa,a. den unge Grundtvig. Steffens tala um Kristus som historiens midtpunkt. Det hadde gaatt attende med menneskja til den romerske keisartid. Men so tok det til gaa opover etter Nero. Det var kome noko nytt inn i soga, ei ny livs-magt, som snudde op ned paa dei gamle meiningar og skapte ei ny lysare og lukkelegare tid for menneskja. —■ Det er dette syn paa soga, Grundtvig held fram i dei historiske skriftene sine, og vener til Grundtvig har og stadt havt dette for auge i si sogeoplæring. Slaget paa T,Rheden" og foredraga til Steffens gjorde paa kvar sin maate sit. til, at Grundtvig vart vakt op or skulesvevnen. Til dette kom so, at han vart gripen av dei oldnordiske sagn og myter. — Det var i det heile soge-lesnad, han i denne tid var mest op teken av. Det var tanken hans, at han etter eksamen i 1803 skulde faa seg ein iærarpost i Kjøbenhavn, so han utanom skulen kunde faa halde fram med soge lesnaden. Men at. og diktardraumane no tok til aa vakne, syner dagbøkerne hans. Han fortel der om fleire a.rbeid, han hadde lagt plan til og til dels skrive ferdig. Millom desse var ei komedi, som heitte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free