- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
18

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18 N. F. -S. Grundtvig. Preika i kyrkja gav for det første ikkje folk noko aa hefte seg ved. Tilhøyrarane var ein censor, professor P. E. Miiller, og nokre faa studentar. Censoren gav honom karakteren _ ud merketw for preika, og alt s aag ut til aa vere berre godt og vei. — Men ein maanad seinare fekk Grundtvig høyre noko anna. Han fekk prenta preika, og ho hadde til titel: „Hvi er Herrens Ord forsvundet av hans Hus ?u Det var ikkje fordi han totte ho var so framifraa at han let henne prente; men fordi „mige forfattere heller gjemmer smaat i litteraturen end i pulten." Og so vilde hau glede sin gamle far med henne. —- Han skreiv eit forord til preika og eit varmt dikt til den gamle prest i Udby. Preika vart spreidd snøgt utover og lesa baade av prestar og andre og vart omsett tiL tysk og. Demispreika var eit hardt klagemaal mot heile presteskapet i Danmark foldet rasjonalistiske straumdrag, dei no var komne inn i. „De liellige Mænd trodde selv den Lære de kaldtes til at forkynde," seg jer han; „er det saa med Mængden av Ordets Tjenere i vore Dage? Ak nei, og derfor var det især, at Herrens Ord forsvandt af hans Hus. — Og vore Kirker — ja vore, thi Kristi er de ikke længere, hvad hores vei der? Vei ofte forfængelig Snak om Smaating paa Jord og kommer det heit, da brammende Ord og kløgtige Taler, men idel Lærdomme, som kun er Menneskenes Bud. Herrens Ord er forsvundet af hans Hus." Milloin dei som gledde seg over, at Grundtvig tala mot rasjonalismen, var J. N. Brun i Bergen. „Deres Præken var Vand paa min Mølle," skreiv han til Grundtvig, — og Jung-Stilling i Tyskland skreiv: „Denne fortræffelige unge Månd vilde jeg gjerne kjende og trykke til mit Hjerte. Herren velsigne og bevare ham paa Sandhedens Vei.—Det er saadanne Mænd, vi trænger til." Men prestane i Kjøbenhavn var harme og vilde, at Grundtvig skulde verte straffa. Preika inneheldt „fornærmende beskyldninger" mot heile presteskapet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free