- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
248

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

248 Folkehøgsku le n. forskjel mellem det levende ord og det skriftlige som mellem liam, som skabte tungen og ham, som skar den første pen."— Det syner seg altid, at i dei sterke brytningstider vert dei store førarar talarar. Det skrivne ord ster ikkje til. Vi kan ikkje godt tenkje oss, at ein Wergeland eller ein Bjørnson berre kunde sitje roleg og skrive, — Og gaar vi attende tii dei store tidarskifte i verdensbistoria, ser vi det endaa klaararo. Dei store religionsstiftarane skreiv ikkje, dei tala. Det folkelege aandsliv, som vart vakt i 70—80-aara og utover i vaart land, vart først og fremst vakt ved det livande. muntlege ord, T rikslivet kum og dette meir til sin rett i denne tid. Tvo vigtige reformar, som i 80-aara vart gjenomførde, hadde m. a. det maal aa føre burt fraa det stive skriftlege, attende til muntlege ord: Statsraadane skulde møte i tinget og muntleg forhandle med utsendingane for folket om statens styr og stell, og med jurylova vart det betre høve til i retssaker aa bruke det muntlege ord. Det var i 80 -aa r a ein tok tii med dei store folkemøte med foredrag og ordskifte. Seinare fekk vi aalmannamøte og ungdomsstemner med foredrag i 2 og 3 dagar — stemner som svarar til dei danske „efter aars møder" ved høgskulane. Ser vi etter kven det. er, som oftast bar ført ordet paa desse møta, syner det seg, at det for det meste er menn, som direkte eller indirekte har høyrt (og høyrer) til folkehøgskulen. Vi kan her nemne menn som Bjørnson, Arvesen, Ullmann, Jakob Sverdrup, Wexelsen, Kristofer Janson, Chr. Bruun, }[. Skard, Oddm. Vik, Marius Hægstad og J. Løvland, og av dei yngre Haakon Aasvejen, O. A. Eftestol, Lars Eskeland, Haakon Loken, prestane Anker, Hognestad og Hovden. Det kunde vere månge fleire aa nemne, men her er nokre av dei, som i den siste mannsalder har vore mest med og ,som er kjende over heile landet. Høgrepartiet hadde for det første ikkje mykje godt aa segje om politiske folkemøte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0258.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free