- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
260

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

•260 Folkehøgskulen. 'arbeidet som sit livs lißgste lukke og velsigning, skulane skulde bli aandelege brennpunkt for eit vaknande aandsliv i det svenske folk. Fraa landet og bondelivet skulde ny. frisk kraft strøyme inn i svensk politik og samfundsliv, den svenske nation skulde verte blant dei fremste millom dei nye frie statar i Europa. — At tida no vai' k-oma til, at noko maatte gjerast for aa faa landsfolket — som i Sverige likesovel som i Norge er hovuddelen av nationen — meir med i det nationale og kulturelle liv, var baade han og mange andre klaar over. Lovene fraa 1862 og 66 peika mot ei ny tid. — Men naar spursmaalet var om rnaaten, om dei pædagogiske grunnsetningar, som ein skulde byggje det nyo oplysnings-arbeidet paa, daa fekk ein sjaa etter og raadføre seg med folk som hadde mest røynsle i slike ting og dot var det danske. Bladstyrar Sohlman sende difor ein av sine medarbeidarar Dr. O. W. Ålund td Danmark for aa gjere seg kjend med folkehøgskulen og arbeidet der og skrive brev ti! „Aftonbladet" om det, han saag og høyrde. Ålund var paa dei mest kjende skular paa Sjælland og Fyn, bruka auga og øyra godt og skreiv om det til bladet sit. Serleg var han opteken av Kristen Kolds skule. Han skreiv om honom, at han her merkte „den heliga eld, som linnes hos alla kraftiga naturer, som i ett eller annat hänseende har fört världen framåt", — Sohlman hadde, samstundes med at han sende ut Ålund, telegrafera til den danske venen sin Dr. C. Rosenberg om oplysningar. Han bad dei mest kjende høgs k ule menn sende brev om skulane, L. Schrøder, Ernst Trier, Jens Nørregaard og J. la Cour, og alle desse sende kortare eller lengere brev om skidane og skulearbeidet. I Stockholm var det eit lag som heitte ,,Nordiska National forening." I 2 møte her — 5. og 11. december 67 — vart høgskulesaka diskutera. Sohlman las op breva fraa Danmark og la fram ei plan for ein svensk ,,bondehögskola". Dr. Alunds brev til „Aftonbladet" gav mykje stof til diskussion. Millom dei som var med i ordskiftet, var don

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0270.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free