Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
20
sogu i gamle dagar, fraa den tid daa de stod paa sì
beste høgd.
Til aa gjeva noko betre kjennskap til desse
skaldane og de me skylder deim, hev eg difor tenkt aa
gjeva noko av ei skalde-sogu her utetter. Daa emne
er so vidt, vil eg her halde meg til dei skaldane som
hev mest med vaart eigi lands sogu aa gjera, mest daa.
til „hovudskaldane“, som Snorre kallar deim, og taka.
med dei vigtigaste eller meir forvitnelege dragi fraa.
deira liv og ferd. Av slikt er de mykje gøymt i dei
gamle skriftir ; de er jamvel ein og annan skalden som
hev si eigi sogu, der han er hovudmannen. Attaat er
de no ymse bokverk som gjev god utgreiding um desse
ting og um vaar gamle bokheim i de heile. Serleg
skal eg nemne eit storverk som no held paa aa koma.
ut; de er „Den oldnorske og oldislandske litteraturs.
historie“ av islendingen Finnur Jonsson. Dette er ein
mann millom dei fremste me hev i denne leidi, meď
ein framifraa rik kjennskap til vaar gamle bokheim og
alt som dit høyrer, og de er ein sers hugnad aa lesa
alt han skriv um desse ting. Han brukar ikkje sterke
ord um alt de verdfulle som er aá finne der; men
hans djupe samhug og klaare innsyn og framføring
verkar so mykje betre til aa gjeva lesaren ogso ein
djupare samhug og eit rikare og klaarare innsyn
i emne.
Attaat var de og meiningi aa gjeva prøvur av
kvadi deira, umsette til nynorsk, slike som ikkje er
gjevne i umsetjing andre stadir, helst daa heile kvad
og ìi samanheng, eller so heile som me no hev deim.
I folke-utgaava av Heimskringla er alt de meste av
slike kvad umsett til nynorsk, fraa Ynglingatal og
Harald Haarfagre si tid til og med Olav den heilage.
De meste som kjem med her vert soleis kvad fraa ei
seinare tid, i vissa fraa skaldane aat Magnus den gode
og Harald Hardraade. Men dette var no og ei
blømingstid med dei beste i skalde-diktingi, liksom me
og fraa denne tid hev gøymde fleire kvad og i betre
og heilare stand etter maaten enn fraa nokor onnor
tid. Fraa eldre tid er de millom anna med eit par
større kvad or Snorre-Edda etter tvo av dei eldste
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>