Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
21
norske skaldane, som ‘soleis hev eit sers verd, baade i
seg sjølve og ved den tid dei høyrer til. Med dette
attaat de me fyrr hev i Heimskringla, skulde de daa
vera umsett de meste av dei skaldekvadi som serleg
kjem vaart eigi land ved. Men de største og vandaste
arbeide i den vegen stend likevel endaa att: aa faa
ei umsetjing til nynorsk av sjølve Edda-kvadi.
Med umsetjingi hev eg her freista aa halde fram i
same leid og etter dei same grunnsetningar som eg
lærde aa kjenne og skyna paa ved de eg fekk noko
aa gjera med den nye utgaava av Heimskringla. Men
med di at dette ikkje nettupp er meint for nokor
„folke-utgaave“, er de her ikkje teki so strengt med
meir sjeldsynte eller vande ord og vendingar. Her
som der er de lagt hovudvegti paa aa faa attgjevi
sjølve teksti so nær som raad var, og de ikkje berre
1neiningi, men ogso ord og vendingar, serleg alt som
de er noko sermerkt eller fyndigt ved, og like eins aa
faa grant fram alt slikt som skildrar sjølve tilburdane
og tidi med sin tenkjemaate og livssyn, soleis at kvadi
mest mogleg kann hava sitt fulle verd som „historiske
dokument“. Difor er her ogso teki med „kenningar“
og slikt, so langt de var raad. Sumé av deim, i vissa
dei lengste, er de beint fram uraad aa faa attgjevi
heilt, med de maalbruk me no hev, paa annan maate
enn aa bruke heile setningar til de; likevel er de oftast
teki med so mykje av desse ogso, at kjernen i deim kjem
fram. Ein hende gong kann de i staden for ei
umskriving vera brukt ei onnor som tyder de same;
men de er daa mest alltid ei som same skalden elles
hev brukt, jamvel i same kvade, eller i minsto som
var i vanlegt bruk i den tid, — aldri noko „sjølvlaga“.
Paa den maaten skynar ein de maa verte eit og anna
som ikkje kvar og ein finn meiningi av med ein gong,
og at de vil turvast ymse tydingar og upplysningar
um samanhengen. Men kvar den som vil umaka seg
aa sjaa etter desse upplysningar trur eg likevel skal
finne de heile so klaart og skynlegt som ein med
rimeleg rett kann krevja de.
Sume kvad er de freista aa gjeva heilt ut med
same versbygnad som skalden sjølv hev brukt. Fullt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>