Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
63
Um kvade skulde svara til sitt namn og den
meining som er lagt inn i de, skulde ein vente de var
lenger enn berre desse 2 bolkane med sine 20 vers.
Kor som er, hev me no ikkje att meir av de, utan de
skulde vera eit par linur i eit „maalskruds-frøde“ etter
ein Tjodolv. Men dette er daa uvisst, med di de var
fleire gamle skaldar med dette namn. Skulde de vera
Tjodolv fraa Kvine og Haustlong desse linune høyrer
til, so maa her og ha vori ein bolk um Midgardsormen
eller Tors fiskeferd.
De me elles hev etterleivt etter Tjodolv er nokre
„lausa-visur“ (eit par av deim i Heimskr. s. 76 og 84)
og nokre uheile vers av eit kvæde um Harald
Haarfagre. Eit kvæde um Haakon Grjotgardsson, som han
og skal hava dikta, er de no ikkje att noko av. Nokre
vers er i dei gamle skriftir snart tillagt Tjodolv, snart
Hornklove. Dette kjem vel av di at skalden ofte vart
nemnd berre med sitt fyrinamn, og ein avskrivar som
vilde spara paa rome, han gjorde de.daa stundom
endaa kortare, og skreiv berre fyrste bokstaven ay
dette namne. Daa no Hornklove hadde til fyrinamn.
Torbjørn, so kunde de i avskriftine koma til aa staa
de same (þ.) likso vel naar de var meint honom som
Tjodolv fraa Kvine, og med di dei attaat livde
nokolundepaa same tid, var de ikkje so lett for ein seinare
avskrivar, um han vilde setja namne heilt ut, aa vita
kven som var meint. Elles er dei gamle skriftine i
de heile merkeleg samstelte um skaldenamni, og dei
faae gongine de er mistak eller vingl, gjeld de oftast
berre lause vers og skaldar som hev livt samstundes
eller havt same fyrinammne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>