- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
65

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

65

norske kongane, fraa Harald Haarfagre til og med
Sigurd Jorsalafar, er de fortalt at dei var skaldar,
liksom de og er ctterleivt prøvur av deira skaldskap,
stundom av større kvæde, som Snæfridardraapa
hans Harald Haarfagre og Gamanvisune hans
Harald Hardraade; men for de meste ser de ut til de
helst hev vori mindre kvæde eller „lausa-visur“.
Vitnemaali er her so gode, so de i de heile ikkje kann vera
grunn til aa tvila paa at de hev seg rett med denne
konge-skaldskapen. Fremst millom deim er aa nemne
Olav den heilage, og i vissa hans halvbror Harald
Hardraade. Baae dei er de leivt ikkje so lite etter av
deira skaldskap, og Harald Hardraade kann ein i alle
stykke, baade etter mengd og mynju, setja millom deim
som var skaldar av fag.

Men denne magti som Noreg og den norske
kongshirdi hadde til aa draga skaldar til seg, den maa ein
no likevel helst søkje i ein arvegang fraa eldre tid.
Noreg var alt fyri sogu-tidi vorti hovud-sæte for
skaldskapen 1 nordlandi, og vart de daa og framleides lengi
utetter, jamvel etter at dette ‘yrke var komi heilt i
hendane paa islendingar. I dei andre nordlandi dyrka
dei no og noko skaldskap i denne tid, kann ein sjaa,
og trulegt er de, at dei fyrr hadde gjort de endaa
meir. Men ved de leite daa sogu-tidi byrjar, maa han
alt hava avblømt der, medan han i Noreg daa stod i
si beste bløming. Etter alt ein kann sjaa, er og den
skaldskapen som mest raadde ved den norske
kongshirdi, lovkvadi med de sereigne versemaale
drottkvætt, ei sernorsk grein av denne kunsti, framvaksi
her i lande, og som ingin andre enn nordmennar, og
etter deim islendingar, hev dyrka. For so vidt
skaldskap av dette slage hev vori dyrka hjaa danskfødde
eller svenskfødde skaldar, mäa de vera lært fraa Noreg.
Men av slikt finst de ikkje no etterleivt meir enn eit
par dànske vers, og alt tyder paa at denne skaldskapen
litin eller ingin inngang hev vunni i desse landi.

Av hirdskaldar hjaa Harald Haarfagre er nemnde 6,
millom deim Tjodolv fraa Kvine, som her er umhandla
fyrr, i eit stykke for seg. Heller ikkje er han vel aa
rekne nettupp til dei faste hirdskaldar der, daa de ser

Gamle skaldar og kvad. : 5

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free