- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
66

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66

ut til han mest hev haldi seg andre stadir, ei tid paa
Vestfold hjaa kong Rognvald Heidumhære, og elles
heime i Kvine.

Av desse 6 skaldane er de, forutan Tjodolv, berre
ein som de er leivt so mykje etter, at de kann gjeva
oss ei framsyning av hans skaldskap; men dette er daa
og nok til aa setja honom millom dei fremste me kjenner.
Denne skalden er TORBJØRN HORNKLOVE.

Um hans ætt, eller kvar han var fraa i lande,
veit me lite. Berre de at Roly Nevja paa Upplandi,
morfar aat Gange-Rolv, er kalla hans „frende“. Um
hans liv elles er de heller ikkje anna fortalt, enn at
han lengi hadde vori kong Haralds ven og hadde haldi
seg ved hans hird alt fraa sin barndom. Hans tilnamn,
Hornklove, tyder elles ramn, og kanskje heng de
saman med namne paa de største og glupaste kvæde
me hev etter honom.

Dette er kalla Ravnsmaal, og de hev sitt namn
etter de at de er framført som ei samtale millom ein
ramn og ei valkyrju. Valkyrjo spør, og ramnen svarar,
fyrst um kong Harald sjølv, so um hans mennar,
huskarlane, skaldane, berserkine, og til sist leikarane og
trollspelarane (jøglarane). I de ramnen svarar um kong
Harald er lagt inn ei skildring av slage i Hafsfjord.
Sume hev meint at dette um Hafsfjord-slage skulde vera
eit kvad for seg sjølv; men mest talar for at de høyrer
med til Ravnsmaal, daa dei fyrste linune syner at dette
og er tenkt som samtale, og de dessutan er i same
versemaal som Ravnsmaal elles. Fyrste linune i kvade
syner endaatil greidt nok at dette maa vera hovud-emne,
der skalden segjer at han vil syngje um Harald og
hans „odde-itrottir“; men de kann ein fyrst segja han
gjer der han kjem til Hafsfjord-slage.

Versemaale er for de meste raaalahaatt, med vers
paa 8 linur og 5 stavingar (2 vegt-tunge) i kvar line,
og innimillom nokre vers eller halv-vers i ljodahaatt.
Elles synest versemaalé i de heile aa vera heller fritt,
soleis som me no hev kvade, med maalahaatt-linur paa
4, og oftare 6 eller- fleire stavingar, og meir slikt.
Men ikkje soleis at ein kann segja de skader kvade
noko, og kor det no kann vera, so gløymer ein de

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free