Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
17
Spursmaale um kva samanheng de hev med
Eiriksmaal, skal me koma noko meir innpaa ved dette kvade.
Her kann de vera nok aa halde fram de, at Eiriksmaal
ikkje hev noko tilsvarande til heile. den fyrste ôg
kanskje beste luten av Haakonarmaal.
De andre større kvade me hev etter Øyvind er
Haaløygjatal ; men dette hev me no langt fraa heilt,
berre 9 heile og 7 eller 8 halve vers alt i alt, av deim
5 i Heimskringla (s. 13, 25, 65, 126, 172). .De er i
eit og alt eit sidestykke til Ynglingatal, so nær som de
kunde vera raad aa faa de, baade i fyrimaal, innhald
og form, og jamvel i versetale, ser de ut til; at de
soleis og er ymist likt i ordvale her og der, er noko
som segjer seg sjølv. Her kann ein daa ikkje fritaka
Øyvind for aa vera „skaldespillar“, for so vidt de gjeld
laan eller etterlikning. Men uppgaava var no og her
nettupp aa faa de eine kvade so likt de andre som raad
var. De galdt aa syne korleis Ladejarlane, likso vel
som Haarfagre-ætti, var ætta fraa gudane, og soleis
jamgode og likso rettkomne til aa raade i lande som
nokon av Ynglinge-ætti. ‘Med alt dette maa ein ikkje
tru at ein slik trufast mann som Øyvind paa nokon
maate. hev lati seg kjøpe til dette; han hev til visse
gjort de av rein venskap til Haakon jarl, og visstnok for
di han og heldt honom betre til landsstyrar enn sine
skyldingar, skulde vera, Gunnhildsønine. Liksom
Ynglingatal er nok dette og bygt mykje paa gamle segnir,
men synest likevel hava langt mindre sogu-verd,
fraarekna at de er so uheilt. Elles kann ein vel gjeva
de de ros, at de i skaldeverd stend nokolunde paa høgd
med sitt fyribilæte, um ikkje vel so høgt; men til dette
skulde de daa heller ikkje so mykje til.
Elles er de berre lause vers me hev etter Øyvind,
ei 13—14 alt i alt, som sume likevel kanskje hev høyrt
til større kvad. Nokre er fraa slage paa Stord (Heimskr.
s. 1183—16) og nokre fraa hans strid med
Gunnhildsønine og deira venir (s. 113, 121—22). Endaa eit
kvad han skal hava dikta er nemnt, og de eit heller
stort eit, skulde de synast. De er „ei draape um alle
islendingar“. Dette „alle“ maa ein daa ikkje taka for
strengt etter bokstaven; men trulegt er de, at han der
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>