Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
78
hev teki med mange av dei meir namnkjende mennar
paa Island baade i hans eigi tid og fraa fyrr. Av dette
kvade er de likevel ikkje noko att, utan de skulde vera
eit par linur i Olav Hvitaskalds „maalskruds-frøde“,
der de er sagt at Ingolv stridsglad drog ut saman med
Hjørleiv. I Heimskringla er de fortalt at islendingane
lagde saman og sende Øyvind eit stort kappe-spenne av
sylv for kvade; men i de harde uaare som gjekk yvi
Noreg og andre land i Europa i 976, laut han hogge
sund spenne til aa kjøpe buskap for. Um dette er de
2—3 vers etter honom (Heimskr. 134—35). Alle desse
lause versi er i drottkvætt versemaal og med god
versbygnad; men elles hev dei mest verd ved den
framsyning dei gjev av skalden sjølv, hans djervhug og hans
gode og trugne hjartelag.
Ved eit kvad fraa denne tid er de serleg merkande,
at de er utan skaldenamn, endaa de er um namngjevin
mann, og namnkjend nok, og de i seg sjølv er eit med
dei merkelegaste me kjenner til. Dette kvade cer
Eiriksmaal. De er dikta for Eirik Blodøks paa same
maaten som Haakonarmaal for hans bror Haakon. Men
dette kvade hev me dess-verre ikkje so heilt. De som
er, hev me berre paa ein stad, i Fagrskinna. — so
nær som dei 10 fyrste linune, som og stend i
Snorre-Edda — og den mannen som hev gjevi de der, hev
anten ikkje kjent heile kvade, eller meint at han ikkje
hadde bruk for meir enn desse faa fyrste versi av de.
Dei er heller ikkje alle fullt heile eller rette, kann ein
sjaa. Likevel skal me gjeva ei umsetjing av de som
er, med di de ser ut til de hev vori eit framifraa kvad,
og de attaat hev mykje aa segja for samanlikningi med
Haakonarmaal. At skalden hev vori nordmann, er de
alt likjende til, med di islendingane endaa ikkje var
komne so mykje i gang med skaldskap, og kvade
dessutan svipar so sterkt paa Edda-kvadi og slike norske
kvæde som Ravnsmaal, ikkje aa tala um Haakonarmaal.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>