Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
85
kvæde, naar dei, liksom Volsungar og Skjoldungar, var
komne paa de fraastand at dei kunde ruve høvlegt til de,
og daa aller helst i Noreg, sjølve Edda-heimen, i
framhald og rekkje med Edda-diktingi. No i de siste er de
endeleg paavist og, at soleis hev de i røyndi vori, og
de fraa ein kant der ein ikkje fyrst skulde venta de.
Den som hev funni og lagt fram ei heil samling
med vitnemaal og prøvur av sjølve den norske
vikingdiktingi, er den danske granskaren Axel Olrik, og der
han hev funni deim, er hjaa gamle Sakse, i hans
latinske Danmarks-sogu. De er nok ein og annan fyrr
og (danskar de med) som hev lagt merke til at ymse
av sogune hans Sakse hadde drjugt mykje med Noreg
aa gjera, og soleis kanskje helst høyrde heime der.
Men Olrik er den fyrste som hev teki denne saki upp
til gransking i fullt aalvor, og hev paavist samanhengen
so klaart og greidt, so de i de store og heile ikkje
lenger kann vera tvil um den. I sine bøkar um „Sakses
oldhistorie“ og 1 ymse innlegg elles, hev han synt
korleis sogu-emne hans Sakse kløyver seg i tvo ulike greinir,
ei dansk og ei norrøn eller norsk, og korleis desse skil seg
greidt fraa kvarandre likso vel etter indre som ytre
merke. Den norske sogu-rekkja skil seg daa ut, ikkje
berre med de at nordmennar der hev største og fremste
rome, at sogune mykje held seg i Noreg og nemner ymse
stelle der som berre folk i nærleiken kunde kjenne noko
til, men likso sermerkt i bygnad og stil og alt sitt lag,
— ting som likso mykje sameiner deim seg-imillom, som
de skil deim greidt ut fraa dei sogur som ber merke
av at dei er danske. Emne, gjerd og bunad er i de
heile de same som i dei islendske fornaldar-sogur
dei kallar, — ja, me finn beint fram dei same atti
sume av fornaldarsogune, berre førde i pennen seinare,
og; sjølvsagt med ymse avbrigde, som ein kunde og
maatte vente seg. Liksom fornaldarsogune, er dei etter
sitt emne viking-sogur eller kjempe-sogur, men i ætt og
gjerd er dei eventyr-sogur, med heile den gamle
vetteheimen, troll og trollskap, risar og dvergar, gygrar,
skjoldmøyar og gudar, som grip inn eller møter fram
i leiken i lag med kjempune. Um alt dette, og meir
til, fær me vise til dei nemnde bøkane hans Olrik. Dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>