- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
86

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

er eit merkelegt døme paa korleis ærleg, gløgg og
djuptenkt gransking, med dei hjelperaadir som no er tekne
1 bruk, kann greide ut gamle flokar.

Me skal nemne sume sogur som etter dette hev synt
seg aa vera norske, med uppgift um kvar dei helst
:skulde høyre heime i lande, der dette paa ein eller
annan maate kjem til synes. De er i alt umhandla 18
slike millom dei 39 konge- og kjempe-sogur fraa
segntidi hjaa Sakse; men me skal her berre taka med nokre
av dei største og best kjende. 1) Um Hadding, ei
fornaldarsogu so heilbori som ho knapt er aa finne paa
sjølve Island, med vikingar og vette og eventyr i yrjande
mengd; hovudmannen kanskje upphavleg den same son
den namnkjende viking-hovding Hasting. 2) Um Hòd
og Balder (nordanfjells — Baldersvaag paa Hitra,
Haalogalands-kongen Helge o. a.); Hòd visstnok i den
upphavlege segni konge paa Hadaland, liksom hans far
Hodbrodd. 3) Um Eirik den maalspake fraa
Rennes-Øy, og attmed der nemnd øyi Aumar (no Eima) i
Rogaland. 4) Holmgangen paa Samsøy, millom
Arngrimssønine (Angantyr) og Orvarodd, eit stykke or sogo um
Orvarodd, Jathricus regulus (konge paa Jaren) eller
„Odd af Jaðri“ som han er kalla. 5) Um Ragnar
Lodbrok (Agdir). 6) og 7) Um Starkad og um
Harald Hildetonn (Telemark og Hordaland). 8) Um
Aale den frøkne. Av andre landmerke-namn kann me
nemne: Soløyar (Solør) og Eidaskog, Gaulardal
(Guldalen), Frekøyarsund (ved Stad), Ruslar (no Rutle, gard
og hamn i ytre Sogn), Lidir (Lista), Frodaøy (med
tilsvarande namn fleire stadir no), like eins Stikla, og andre
som ikkje hev vori attfunne, som Addarnes. Etter fleire
merke synest dei fleste sogune aa høyre heime i synste
luten av lande (Agdir med Telemarki, Jaren og Rogaland).

I sume av desse sogune hjaa Sakse, soleis um
Starkad og Ragnar Lodbrok, er de og med ymse gamle
danske segnir, og alle saman hev dei daa noko med
Danmark aa gjera, kann ein vita, sidan Sakse hev teki
deim med, endaa um de stundom ser ut som
samanhengen med Danmark i røyndi hev vori litin eller ingin.
De er daa helst kongar som er danske, men dei er
jamleg fostra i Noreg, hev gifta si derifraa, og dei gjer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free