- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
87

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87

ofte ferdir dit upp, til aa hjelpe eller hemne ein eller
annan frende eller god ven, eller til aa røynast med
norske kongar, men ikkje til aa leggje under seg noko
av lande. Men mengdi av deim som elles er med i
sogune, i vissa dei rette hovudmennane, storkjempur og
slike, dei er jamleg nordmennar.

At de og hev vori meir med sogur her i lande
enn desse som me no finn att hjaa Sakse, de er daa
greidt nok, og de ikkje berre fornalders- eller
eventyrsogur, men og slike som er aa rekne til sannsogur.
Soleis kann me no millom anna rekne trygt paa at dei
mange „tættir“ i Heimskringla og andre norske
konungasogur for de meste er komne til her i lande. De vert
soleis ikkje berre skaldskapen som hev sitt grunnlag i
Noreg, men og de som betre er, sogu-diktingi eller
sogu-yrkjingi. Grunnlage, med alt dette sermerkte ved
sogu-emningi i bygnad, stil og svip, de hev daa laga
seg i Noreg og maa vêra gamalt her, eller Noreg hev
i minsto likso stor lut i den fyrste tilemningi som Island.
Likevel er og vert no Island aa rekne for den rette
sogu-heimen. De var berre sogu-emne aa kalle som
vart skapt i Noreg, tættir, meir eller mindre lause. De
var fyrst paa Island at de stod fram mennar med den
rette sogu-manns gløggsyn og vidsyn til aa samle og
syfte de rike emne, baade fraa deira eigi og andre land,
og av de byggje heilrende, uforgjengelege sogu-verk.
At de ikkje stod fram slike mennar her i lande, de
kann vel mykje hava sin grunn i de at emne her var
meir spreidt, og soleis ikkje lett aa vinne yvisyn yvi de.
Men elles tyder de vel likso mykje paa vantande tiltak og
syn og sans for aa gjera seg rett nytte av sine skattar.
: At de med denne diktingi hev fylgt skaldskap, er
no mest sjølvsagt. Ein ser daa og hjaa Sakse at i fleire
av desse sogune hev de vori fullt med kvad og
lausavisur, eller sjølve sogo ber ofte merke av at ho mykje
er bygd paa kvad. Eit av dei kvadi ein kann finne her,
er i vissa merkelegt, med di de ber so greide merke
av kvar de er ifraa, ikkje berre norsk, men fraa sjølve
Telemarki. De er Starkads Braavalla-kvæde. Like
eins ber dette kvade gode merke paa kva tid de maa
vera fraa, paa lag fraa Harald Hardraade si tid. De

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free