- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
96

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eldre islendske hirdskaldar.

So kort tid som de var etter at Island fyrst vart
bygt, at skaldskap der tok til aa verte ein „national
liveveg“, som Ernst Sars hev kalla de, er de sjølvsagt
at dei hadde ikkje lang ætt-rekkja attende til Noreg,
dei fyrste islendingar som kom hit og tok paa seg
hirdskald-yrke. Den aller fyrste av deim, GLUM
GEIRESON, er visst nok endaatil fødd i Noreg, og
var vel ikkje so reint ung heller, daa far hans drog
ut til Island og busette seg ved Myvatn paa nordlande.
Her kom Geire og dei tvo sønine hans (den andre heitte
Torkjel) i ein strid med grannane sine og drap sonen
aat ein av deim. For dette vart dei viste ut or bygdi,
og drog daa til Breidafjorden paa vestlande. Her vart
Glum gift og fekk ein son, Tord, som vart gift med
Gudrun Usvivsdotter og er vel kjend fraa Laksdøla-saga.

Kva tid Glum kom til Noreg att, eller um han jamvel
hadde vori hirdskald fyri si utferd til Island, er vandt
aa segja noko visst um. De er sagt at han fyrst var
skald hjaa Eirik Blodøks, og de er leivt eit par linur
som ser ut til aa vera av eit kvad um denne kongen;
men greid visend hev me berre um at han var med
sønine hans, soleis i slage paa Stord, som Heimskringla
hev eit vers um etter honom (s. 129). Men de einaste
kvade me no hev noko større att av er Graafeldardraapa,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free