- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
97

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

97

ei 12 vers i alt (av deim 8 i Heimskringla, s. 97—149).
Etter deim kann ein sanne den domen som Harald
Hardraade gav um honom til hans sonarsons son,
Stuv skald: „God skald er du, diktar du ikkje verre
enn Glum.“ Dei syner ein skald med eit godt grip
til aa laga dei kunstfulle versi soleis at dei synest
fljote lett, og at de attaat er tak i deim og. Han var
soleis ikkje ufallin til aa vera fyrigangsmann i den
lange rekkja av islendske hirdskaldar.

Hans næstemann, KORMAKX, er ein av dei skaldar
som de er etterleivt mest etter, men likevel ikkje so
mykje som hev med Noreg aa gjera. Namne er irsk,
endaa han hadde de etter ein norsk bestefar, som var
ein megtig mann i Viki, og var mykje med Harald
Haarfagre, baade han og hans son Ogmund, far til
skalden, er de fortalt. Men noko irsk blod maa de visst
ha vori i ætti, skal ein døme etter de som er kjent
um skalden Kormak. De er ei serskild sogu um honom,
med mange kvad, som heile sogo synest vera bygd
upp paa. Dei er mest kjærleiks-kvad, og de so gloheite
som dei gamle norrøñe skaldane ikkje elles brukte aa
laga deim, etter de me no kjenner til. Stor og sterk
var han, hugbraa og ofsin, med svarte augo, svart,
krulla haar, men kvit i hudi. De var ei Steingerd
som han vart so hugtekin i, og hennar vænleik er de
som seint og tidleg er emne for hans kvad, forutan
stridsvers og spottevers, serleg mot deim som Steingerd
vart gift med, fyrst med skalden Holmgongu-Berse,
systerson til Hoskuld Dalakollsson (Njaala), og sidan
med Torvald Tintein, som og var skald. Elles var de
fyrst komi so langt at de var avtala brudlaup med
Steingerd og Kormak; men de vart ikkje ‘til noko, av
den grunn, at daa de kom til stykke, so kom de ingin
Kormak til brudlaupe. Derimot daa so Steingerd vart
burt-gift til andre, daa vakna han, og var no etter
henne og mennane hennar, men kom ingin veg med
de. I denne tid var Kormak fleire gongir utanlands,
og var mykje i Noreg, fyrst hjaa Sigurd Ladejarl, og
gjorde eit kvæde til honom, som de er leivt 1 heilt
vers av og nokre halve (Heimskr. 103), og eit fint,
høvelegt kvad ser de ut til dette hev vori. Er de daa

Gamle skaldar og kvad. 7

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free